Lokal | 19. juli 2017

Yrande liv

Det tok ikkje lang tid før folk strømma ut og til stranda. Del din sommar på Instagram: #mellomfjordarogfjell

Yrande liv
Det var godt med folk i Mobergsvikjo rundt lunsjtider onsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 19. juli 2017 12:27

Bildeserie:

Ut på fjorden med vannscooter eller båt (foto: AH)
Ut på fjorden med vannscooter eller båt (foto: AH)
Eller inn i hamna for å bunkre (foto: AH)
Eller inn i hamna for å bunkre (foto: AH)
1 av 2
Ut på fjorden med vannscooter eller båt (foto: AH)
Eller inn i hamna for å bunkre (foto: AH)

Onsdag, midt på dagen, var det eit yrande liv i Os hamn med båtar som var inne for å bunkra. Minst like livatt var det i Mobergsvikjo, kor folk ikkje lot til å bry seg om at ein flokk gjess i førre veke inntok den populære badevikjo.

– Det er jo berre å nyta det.

– Det er heilt herleg.

– Endeleg er sommaren her, var blant kommentarane vi fekk då Midtsiden tok ei runde i lunsjtider.

Del sommaren med oss

Midtsiden ønskjer å dele med lesarane korleis sommaren er der du er. Om du er ved fjorden, på fjellet eller på jobb.

Del ditt bilete på instagram med #mellomfjordarogfjell eller send oss det på e-post til tips@midtsiden.no.

Det blir berre betre

Dei oppdaterte meldingane frå pent.no tyder på at vêret berre skal bli betre og betre. Fredag er det venta opp i 28 varmegrader.

Slik er vatnet

Os kommune måler vasstemperatur og -kvalitet vekentleg i sommarvekene. Her er dei siste målingane frå 12. juli.

Vindalsvatnet, Søfteland- 15 grader - 20
Smievågen - 14 grader - 10
Moldafjæro - 4 grader - 10
Mobergsviken - 15 grader - <10
Kuvågen - 14 grader - <10
Skeisstøa - 14 grader - <10
Søvikvågen - 14 grader - 30
Sigurdsvik,Ulvenvatnet - 15,5 grader - <10

Det siste talet syner mengden TKB i prøvene. Badevatnet vert analysert for såkalla termostabile koliforme bakteriar (TKB). Dette er tarmbakteriar frå menneske og dyr som ikkje overlever lenge i naturen. Difor er TKB-prøver ein god indikator på fersk forureining. Godt eigna badevatn skal ha mindre enn 100 TKB per 100 mililiter vatn. Helsemyndigheitene frårår bading dersom TBK-nivået er over 1000.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.