Lokal | 12. mars 2017

Zumba til støtte for MS-sjuke Sverre

Sverre Helleland valte stamcellebehandling i Mexico. I kveld driv venane i Os innsamling til den dyre behandlinga.

Zumba til støtte for MS-sjuke Sverre
Candida Sylta hels zumba-time til inntekt for Sverre Helleland (t.h.), som må betala MS-behandlinga si sjølv. (Private bilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. mars 2017 10:10

I desember reiste Sverre Helleland frå Halhjem til Mexico for å få stamcellebehandling. I februar var han i London på etterbehandling.

Prisen på oppunder 600.000 kroner må han betala sjølv, men no har venar byrja å hjelpa til.

– Vi betaler skatt for å få hjelp, korleis ville du reagert om helsevesenet ikkje ville gje deg ei behandling som kunne gjort deg betre? spør Sverre si venninne og tidlegare sambuar Andri Håvardstun.

Via Facebook har ho starta kronerulling for at Sverre skal sleppa å sitja åleine med rekninga. Ein av dei som vil hjelpa er brasilianske Candida Sylta, som bur i Os og som instruerer i zumba i Bergen.

– Vi har fått låna gymsalen til Os ungdomsskule (kl 19-20) og treningsavgifta på 100 kroner går til Sverre, seier Andri, som sjølv driv Smile Dance Fitness i kantina på ungdomsskulen om laurdagane.

Trudde det var ryggproblem

Det starta med at han mista styringa over den eine foten, og snubla. Tre veker seinare var han hos nevrolog.

– Eg har hatt problem med ryggen før, og var sikkert på at det var proslaps. Ein annan MS-pasient på Haukeland sa at MS (multippel sklerose) blir kalla alle sjukdomars apekatt, den kan koma i ulike former.

Dette var i 2012. Sverre Helleland frå Lofthus, som no bur i Os, fekk bremsemedisin, ei behandling som kostar rundt 240.000 kroner i året, som blir dekka av norsk helsevesen.

– Då eg ba om stamcellebehandling var det nesten som dei flirte av meg, eg var ikkje var sjuk nok. Då bremsemedisinen ikkje fungerte lenger, fekk eg beskjed om at eg var for sjuk. Sjansen for at det ville gje effekt var berre 70 prosent, hadde eg kome tidlegare ville det vore 90 prosent.

– Svenskane får det til

Då Sverre blei ein av fleire norske helsevesen ikkje vil hjelpa, bestemte han seg for å ta behandlinga utanlands, noko han må betala for sjølv.

– Behandling med etterbehandling vil koma på mellom 570.000 og 600.000 kroner.

– Eg synest det er underleg at norsk helsevesen ikkje anerkjenner kollegaer frå utlandet sin dokumentasjon. I Sverige klarer dei dette, men i Noreg ser det nesten ut som det dei ikkje har funne på sjølv, det er ikkje godt nok.

Håper å få gå fjelltur igjen

Innsamlingsaksjonen på Facebook har resultert i 50.000 kroner til no. I kveld kan det koma nokre tusenlappar til etter zumba-timen.

– Du er vant med å klara deg sjølv, eller få hjelp av Staten. Eg er rørt og takksam for måten venar og andre engasjerer seg for at kostanden min skal bli lågast mogleg.

Sverre meiner grensene mellom dei ulike stadia i sjukdomen er mjuke overgangar, og noko diffuse. Han håper han har meir enn 70 prosent sjanse for at behandlinga har effekt.

– Eg har allereie merka betring etter behandlinga i Mexico i desember. Då eg gjekk på bremsemedisin blei eg berre svakare og svakare, no klarer eg å trena styrke og eg merker framgang.

– Det kan gå fem år før eg veit kor godt behandlinga har virka, og om eg får tilbakefall. Førebels ser det bra ut, og målet er å kunna gå fjellturar igjen.

Politikk og profitt

Sånn Andri ser det handlar dette om politikk, ansvarsfråskriving og profitt.

– År etter år med bremsemedisin vil dei betala, men ikkje ei stamcellebehandling som så mange har gode resultat av. Er det legemiddelfirmaene som har for mykje makt? undrast ho.

– Det er på tide å ta ansvar, å ta makta frå legemiddelfirmaene, å sjå verdien kvart menneske har. Sverre og mange andre sjuke som ikkje får hjelp er ressursrike mennesker, alle fortener samtidig like god behandling, det beste kvar enkelt kan få.

– Hjelp oss å hjelpa Sverre, seier Andri, og håper på godt oppmøte på zumba i kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.