Lokal | 11. mai 2017
0,6 i promille førte til 60.000 kroner i bot
Blei stoppa i Industrivegen ein søndag morgon.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. mai 2017 15:56
Ein mann i 40-åra frå Os er dømt for køyring med promille.
Mannen blei stoppa i Industrivegen klokka 8.50 ein søndag morgon i november i fjor.
Blodprøve tatt klokka 9.30 viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 0,6 promille.
Sikta møtte i retten og tilsto.
Han blei dømt til 14 dagar fengsel, der soning blei utsett med prøvetid på to år.
Han må betala ei bot på 60.000 kroner innan 15 dagar, og må klara seg i 14 månadar utan retten til å føra motorvogn.