08.12: Kor er dette?
Midtsiden julekalender 8. des.: Kor er vi no? Vinn gåve frå MX Sport. Sjå svar og vinnar på gårdagens nøtt.

Gårdagens oppgave synte seg å være ei nøtt for mange, men engasjementet er stort. Mellomanna kom det svar frå havet utanfor Mauritzius:-).
Det tok lang tid før vi fekk inn det første rette svaret, men etterkvart ramla det inn fleire riktige svar.
Blandt dei som hadde feil var dei som tippa Solbakkestova og Lio i Hegglandsdalen.
Rett svar var nemlig Løo på Kongshaug Musikkgymnas. Tipset vi gav på facebook om at NRK hadde spelt inn to TV-program der viste til programma "Åpen Himmel" som har gått fleire gongar på NRK.
Blant dei som hadde rett svar har vi trekt ut: Sigrid Kvalvaag.
Midtsiden.no og MX Sport Os gratulerer. Du kan ta turen til MX Sport Os og hente den praktiske skilåsen du har vunne. Hugs legitimasjon.
Dagens oppgave
Vi startar utan hint. Kor finn du det einslege treet på bilde?
Svaret sender du til andris@midtsiden.no.
(Hugs å senda oss namnet ditt og mobilnummer saman med svaret.)
Premie frå MX Sport
• MX Sport i AMFI Os sponsar kalenderen med éin premie per dag. Alle som har rett svar er med i trekninga av premie.
• Namnet på vinnaren blir publisert saman med ny oppgåve neste dag.
• Om du er den heldige vinnaren kan du gå på MX Sport på AMFI Os og henta premien. Ta med legitimasjon.
Tips på facebook
Om du følgjer oss på facebook får du ein fordel. På facebooksida vår har vi laga eit arrangement kor vi kjem til å legga ut hint i løpet av dagen.
Facebook-sida finn du her