Lokal | 13. juli 2017

1 av 10 har sovna bak rattet

Bilferie kan gi flotte opplevingar, men også mange timar bak rattet. Ny undersøking viser skremmande resultat.

1 av 10 har sovna bak rattet
Ein trøytt sjåfør sit gjerne uroleg eller byrjar å gni seg i ansiktet (ill.foto: Picturepoint)
Andris Hamretorsdag 13. juli 2017 06:36

57 prosent av dei som køyrer bil i Hordaland seier dei har vore redd for å sovne når dei har køyrd bil. 10 prosent seier dei faktisk har sovna bak rattet viser ei ny undersøking Ipos har gjort på vegne av Gjensidige.

– Det vil seie at fleire tusen hordalendingar faktisk har sovna når dei køyrde bil. At så mange har opplevd dette er verkeleg skremmande, seier bilekspert Jan Fleinsjø i Gjensidige.

Livsfarleg

Selskapet mottek kvart år fleire titals skademeldingar kor bilførar oppgir å ha vore trøytt som grunn til at bilen blei skadd. I slike tilfeller blir erstatninga ofte redusert, gjerne rundt 20 prosent.

– Men det viktigaste å tenkje på er at du set eige og andre sine liv i fare om du køyrer når du er trøtt, seier Fleinsjø.

Statens Vegvesen anslår at kvar åttande dødsulykke heilt eller delvis skuldast at sjåføren var for trøytt.

Bytt sjåfør

Fleinsjø peiker på at mange er spesielt utsatt for å bli trøytt i sommarferien, når det blir lange køyreturar til og frå feriemålet. Ein sjåfør som sit uroleg eller stadig vekk gnir seg i ansiktet er eit sikkert teikn på at vedkommande byrjar bli trøytt og sliten.

– Det er viktig å hugse at det einaste som hjelper er å ta ein blund eller byte sjåfør. Kaffe og cola er falsk tyggleik, seier Fleinsjø.

Over dobbelt så mange menn som kvinner seier at dei har sovna bak rattet.

– Det tyder på at mange burde vore flinkare til å bytta på sjåførjobben når familien er på langtur, avsluttar bileksperten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.