Sport | 12. des. 2009

1 av 2 i boks

Jørgen Wold sørgja for at det blei glad-wold mot Gloppen, og sikra siger i den første av to toppkampar før jul.

1 av 2 i boks
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. des. 2009 20:12

Bildeserie:

1 av 6

- Årsbeste i forsvar og om lag som avtalt framover, dette var ein veldig god kamp, oppsummerer trenar Leif Idar Røen etter dagens snuoperasjon og siger på heimebane.

Med 25-22 (13-13) stal Os 2. plassen frå motstandar Gloppen. Sundag om ei veke )kl 13.30) er det ny toppkamp på heimebane, då mot serieleiar Nornen 2, som har to poeng meir på éin kamp mindre spelt.

5 mål bak
Os starta ikkje så bra i dag, og låg under med fem mål. Men ei kraftig innhenting sørgja for 6-6 og Os i føringa ut omgangen. Os leia 11-8 og 13-10 kort tid før pause, men avslutta omgangen nesten som den starta.

- Siste del av første omgang var eg ikkje nøgd med, seier Røen om perioden gjestane henta inn til 13-13 til pause.

Straffebom og to stolpeskot var del av den svake perioden. Gloppen skåra også i eit angrep der osingane sto og venta på at dommaren skulle blåsa for at motspelarane var i ballen med foten.

Tok av i andre
Det tok Os-spelarane igjen med renter i starten av 2. omgang. Gloppen skåra det første målet i siste halvdel, men så var det Os, Os og Os. Heimelaget leia på det beste 20-14 etter ein periode med svært godt forsvarsarbeid og god gjennombrotskraft i angrep.

Men så byrja Gloppen å koma seg gjennom forsvaret. Då fekk Os verkeleg vist kva keeper dei har, Einar Godø var som ein vegg, noko publikum viste at dei sette pris på.

Gjestane tok seg inn til 20-17 og 23-21 på det nærmaste, men Os halte sigeren og to poeng sikkert i hamn.

Stian Strongman
Os hadde henta inn litt rutine til dagens kamp. Sindre Lom herja med Gloppen-spelarane i forsvar og Tor-Inge Myklebust Lie styrte kampen godt og skåra sjølv fem mål.

Men fleire av ungdomane fekk også vist seg fram, Jørgen Wold blei igjen toppskårar, denne gong saman med Stian Hjertholm, med seks mål kvar.

I førre kamp braut Hjertholm armen på keeper med eit skot, i dag viste 17-åringen igjen kva kraft han har i skotet som er målt til 116 km/t.

I tillegg til stor kraft skyt han ofte smart, frå overraskande vinklar. Det kan sjå ut som om han er dekka opp, men så kjem ei kanonkule i hoftehøgde, mellom forsvarsspelarane og forbi keeper.

- Lærerik tid
Jørgen er hissig på kontringar, og i etablert angrep slåss han seg gjennom til avslutting.

- Eg har lært mykje den siste tida. Leif Idar pesar meg og rutinerte spelarar som Kenneth og Erlend har gjeve meg gode tips, seier Jørgen.

For eit år sidan sto han i mål, men no har han vore gjennom ei vellukka omskulering.

- Det byrja ikkje så bra i haust, synes eg, men så sinnsjuk som Einar er i mål så skjønte eg jo at det ikkje blir speletid på meg mellom stengene. Derfor måtte eg læra meg å spela ute.

Å ikkje gje seg i tøffe duellar er eit tips som i alle fall ser ut til å ha festa seg, Jørgen var i stor grad med på å halda tempoet oppe i dagens kamp, og fleire av skåringane kom etter at han hadde rista av ein motspelar eller tre.

- Vi har fått for vane å vinna jamne kampar, dagens siger var blant våre to største. Det var kjekt, mot eit lag så høgt oppe på tabellen, seier Wold.

Den gode vanen med å vinna jamne kampar kan koma godt med neste helg, i ny toppkamp på heimebane.

Os - Gloppen: 25-22 (13-13)
Os: Einar Godø, Charles Whiteley, Tor-Inge Myklebust Lie (5), Sindre Lom (1), Stian Hjertholm (6), Øystein Skarding (2), Jørgen Wold (6), Kristoffer Lyssand (debutant), Øystein Vindenes, Kristian Bruarøy (3), Erik Vågen, Joakim Blostrupmoen (1), Fredrik Andresen (1)
Lagleiarar: Leif Idar Røen og Andris Hamre
Utvisningar: Gloppen: 2x2min., Os: 1x2min.
Tilskodarar: 100
Kjelde: osturn.no/handball

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.