Lokal | 21. des. 2012

1 av 50 brukte refleks

Ein turgåar er skuffa over både foreldre og skule etter ein spasertur frå Os til Kuvågen.

1 av 50 brukte refleks
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. des. 2012 10:22

– Vaksne har blitt flinkare og flinkare til å bruka både sykkehjelm og refleksvest, men no ser det nesten ut som om vi gløymer dei yngste, seier ein innringar til Midtsiden.

Ein morgon tidlegare i veka var vedkomande på spasertur frå Os til Kuvågen.

– Det var i den tida elevane går til skulen. Og det er bra at dei går, men eg møtte sikkert minst 50 ungar og berre éin av dei hadde refleks.

– Her kan nok både skulen og foreldra gjera ein betre innsats, det hjelper ikkje berre å bruka refleks veka etter at dei har hatt kampanje om hausten.

Ungane tar juleferie i dag og sola snur i kveld, men det er mørkt om morgonane fleire veker ut i det nye året.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.