Lokal | 22. jan. 2021

10 dagar utan nye smittetilfelle

Er alle friske eller er det få som testar seg?

10 dagar utan nye smittetilfelle
Kommuneoverlege Klaus Melf. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. jan. 2021 10:53

I dag er det ti dagar sidan førre nye tilfelle av koronasmitte i Bjørnafjorden kommune. I løpet av dei siste to vekene er det berre eitt nytt tilfelle.

Etter 13 smitta på tre dagar frå 3. til 5. januar blei det stille. Sist vi hadde lengre periodar utan nye smittetilfelle var 4. til 21. desember og 16. september til 13. oktober.

Minst 12 av dei 17 smittetilfella til no har vore i samband med innreise, noko som er positivt då det er eit teikn på lite smitte internt i kommunen, og god kontroll på dei som var smitta.

Også i Bergen er trenden god med berre 7 nye smittetilfelle i går og 185 dei siste 14 dagane, ifølgje BT.no sin oversikt. Det same gjeld Noreg totalt sett, med 372 nye i går, ifølgje VG.

– Færre testar seg

Etter gårsdagens pressekonferanse om koronavaksina, spurde vi kommuneoverlege Klaus Melf om kor mange som testar seg for tida.

– Det er færre enn før, rundt 300 i veka.

I førre veke var det 350 som testa seg, inneverande veke er foreløpig ikkje oppsummert.

Nedgangen i testing gjeld i alle kategoriar, innreise, annan sjukdom og helsepersonell.

Frisk og tolmodig

Færre testar seg trass i at det no er vinter og høgsesong for influensa, lungebetennelse og forkjølelse.

– Vi ser jo ein generell nedgang i andre smittsame sjukdomar når innbyggarane er flinke med smittevern, supplerer assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

– Men kva som er årsaka til nedgangen i folk som testar seg mindre enn før, er uvisst. Det er mogleg at folk ventar lengre før dei testar seg, sidan det er lite koronasmitte i kommunen. At dei held seg heime, men ser om det er noko forbigåande. Eller at folk rett og slett er mindre sjuke. Truleg er det ein kombinasjon av desse to.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no

Til no i 2021: 17
Totalt smitta: 120
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle

Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.