Lokal | 04. juni 2018

10 forelegg og eitt beslag i Hegglandsdalen

Søndag ettermiddag hadde UP kontroll i Dalen, måndag morgon blei ein mann med lågpromille stoppa på Søfteland.

10 forelegg og eitt beslag i Hegglandsdalen
UP sto med laser på Hegglandsdalsvegen søndag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. juni 2018 07:48

Utrykningspolitiet hadde fartskontroll med laser på Hegglandsdalsvegen søndag frå klokka 17.30.

Det resulterte i både førarkortbeslag og 10 forenkla forelegg.

– Vedkomande som mista førarkortet er ein mann i 50-åra. Han blei målt i 86 km/t i 50-sona, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Høgaste fart blant dei som fekk forenkla forelegg var 64 km/t. Det kvalifiserer til 3700 i bot og 2 prikkar på førarkortet.

To menn blei viste vekk

Fredag i 23-tida blei to utanlandske menn viste vekk frå Os sentrum.

– Dei var ved ein utestad og var aggressive, men retta seg etter pålegget.

Med promille på E39

Klokka 8.40 måndag morgon blei ein bil stoppa av UP på E39 på Søfteland.

– Bilførar, ein mann i 60-åra, er mistenkt for lågpromille. Han blei tatt med til Bergen for blåseprøve.

Fekk gebyr for dårleg dekk

Politiet hadde òg ein promillekontroll på Søfteland laurdag formiddag, men då var alle edru.

Søndag i 16-tida blei ein bil stoppa på Halhjemsvegen. Bilførar fekk pålegg om å skifta to av dekka, eit tredje dekk var så slite at det blei skrive eit gebyr på 750 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.