10 mål på bortebane
Med Kenneth Hufthammer i mål og ingen innbytarar tok Søre Neset ein overbevisande bortesiger sundag.


Søre Neset slo jumbolaget Fjell-Kameraterne 7-0 på heimebane. Borte stilte dei i dag utan keeper, og med ein innbytar som ikkje ville innpå. Likevel vann dei 1-10.
- Vi sette Kenneth Hufthammer i mål. Innbytar Atle Gusland har nyleg kome seg frå skade, så dei elleve som starta sto løpet ut, fortel trenar Bjarte Arentzen.
Brørne Kinden skåra til saman seks mål - og keeper Hufthammer fekk seg jaggu ei skåring han òg.
Tore skåra fire
Anders Kinden og Kjetil Henriksen knivar om å ta toppskårar-tittelen denne sesongen, og skåra kvar sine to mål i dagens kamp.
- No er Henriksen oppe i 15 og Kinden oppe i 13 mål. Henriksen var i tillegg raus og let den omskulerte keeperen ta straffen, så Hufthammer fekk seg eit mål sjølv om han ikkje spelte på midtbane.
Men Anders var ikkje den einaste som skåra - broren Tore sette inn eitt i første omgang og heile tre i andre omgang.
Søre Neset sitt lag (4-4-2): Kenneth Hufthammer, Lars Martin Høyvik (hb), Thomas Halhjem, Audun Røren, Frank Haugland (vb), Tore Kinden (hk), Emilis Kazinskis, Andreas Pettersen, Robin Hjertnes (vk), Kjetil Henriksen og Anders Kinden.
Slik kom måla:
0-1 Anders Kinden (6. min)
0-2 Kjetil Henriksen (7. min)
0-3 Tore Kinden (22. min)
0-4 Tore Kinden (50. min)
0-5 Kenneth Hufthammer (straffe i 53. min)
0-6 Thomas Halhjem (66. min)
0-7 Tore Kinden (70. min)
0-8 Tore Kinden (74. min)
0-9 Anders Kinden (82. min)
1-9 (Fjell-Kam)
1-10 Kjetil Henriksen (86. min)
- Kva var det flottaste målet?
- Min favoritt i dag var Thomas Halhjem si skåring. På ei fin kontring fekk han ballen inn frå sidelinja og sklei den i mål på bakerste stolpe.
- For det første var dette ein fantastisk kamp å sjå frå sidelinja - alle var i storslag. Andreas Pettersen var banens beste, han var over alt. Audun Røren var også veldig stødig i midtforsvaret og Emilis vann alt av hovud-duellar, seier Arentzen.
Laget Søre Neset slo i førre runde, Nest-Sotra 2, sørgja med 5-2 i denne runden for at serieleiar Solid gjekk på sesongens første tap.
- Nest-Sotra 2 stilte med 5-6 A-spelarar mot oss, og har nok mobilisert også i denne runden. No får vi satsa på gunstige resultat i andre kampar i dei to siste rundane, så kan vi kanskje klatra frå 5. til 3. plass, seier trenaren.
Søre Neset spelar årets siste heimekamp førskomande fredag, mot Fitjar klokka 19.00.
SJÅ TABELL