Lokal | 27. mars 2014

10 millionar til skular i Os

Os Gymnas og Os vidaregåande skule fekk i dag pengar frå fylkeskommune til ulike byggetiltak.

10 millionar til skular i Os
Os vgs. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. mars 2014 14:10

I tråd med innstillinga frå administrasjonen i Hordaland fylkeskommune blei det i dag tildelt til saman 9,6 millionar kroner til to vidaregåande skular i Os.

– Vedtaket var samrøystes, seier ordførar Terje Søviknes i ei pressemelding etter møtet i fylkesutvalet i dag.

Os Gymnas får 1 million kroner til etterisolering knytt til taktekking på skulen.

Os vidaregåande skule får både 5 millionar kroner til ventilasjon i A-bygget og 3,6 millionar kroner til ny stålhall.

Rubbhall måtte rivast

Det var i samband med omlegging av ein veg, for å få tungtrafikk vekk frå hovudinngangen på skulen, at det kom behov for å flytta ein rubbhall.

I ettertid viste det seg at hallen var av ein slik kvalitet at den burde rivast, og rivingsarbeidet er gjennomført.

Men det er framleis behov for hall og no får skulen midlar til å bygga denne i stål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.