Lokal | 09. mai 2014

100 meter seglskute ved Os sjøfront

Cruise, omvising og musikk om bord: Måndag 16. juni klappar Statsraad Lehmkuhl til kai framfor Os Sjøfront.

100 meter seglskute ved Os sjøfront
Direktør Anders Lekven frå Statsraad Lehmkuhl saman med Leif Østrem frå Osfest og prosjektsjef i Os kommune, Tor Inge Døsen ved ein av pullerterane som no monterast på brygga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 09. mai 2014 12:35

Noverande prosjektleiar i Os kommune, tidlegare prosjektsjef i Stor-Bergen Boligbyggarlag, Tor-Inge Døsen, hadde ein draum då han sat med utbygginga av Os sjøfront i 2006.

– Eg tenkte at det å få parkert Statsraad Lehmkuhl framfor Os Sjøfront ville vore stort.

– Det finst ikkje eit finare smykke på sjøen enn Statsraaden.

– Må våga

Osingen Anders Lekven, som er direktør for Statsraad Lehmkuhl, tok utfordringa frå Døsen og takka ja til invitasjonen.

– Vi må våga litt.

– Korleis hamna er i høve djupne og straumforhold veit vi eigentleg ikkje. Det finst ikkje noko kart som vi kan bruka, men vi har fått satelittfoto.

– I tillegg tar eg med meg kaptein Jarle Flatebø frå Stord på ei synfaring.

– Det blir «first time, first go». Vi får alliera oss med Kystvakta eller Redningsselskapet om vi ser vi treng hjelp, seier Lekven.

Må vri bommane

Den stolte seglskuta er nemleg 100 meter lang, 5,5 meter djup og heile 12,5 meter brei.

– Eigentleg står husa her litt for nær kaikanten, men det løyser vi med å vri bommane til segla litt.

– Det kjem til å bli ei kjempeoppleving. Eg har trua, smiler Lekven.

Cruise med Statsraaden

Statsraaden skal ikkje berre koma og ligga til kai. Lekven inviterer også osingane om bord.

– Det heile startar med lunsjcruise frå Bergen til Os med musikk levert frå Osfest-gjengen.

– Medan vi ligg til kai frå rundt klokka 14.30 er folk hjarteleg velkomne ombord.

– På kvelden heisar vi segl og tar ein skjærgardstur med reke- og sildabord før vi blir liggande til tysdag morgon. Då vi går til Bergen igjen via Lysefjorden, fortel Lekven, som laurdag stiller på vårsleppet i Os sentrum for å selja billettar til arrangementa.

Toktet til Os er ein del av stiftinga sin nye strategi om å gjera Statsraad Lehmkuhl meir kjend på Vestlandet.

– Seinare kjem vi mellom anna til å gå på tokt til Bekkjarvik og Tysnes, men Os blir den første lokalhamna vi testar ut.

– Eg håper det kan bli noko vi kan gjera årleg, avsluttar Lekven med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.