104 på buss til Hamar
Unge handballspelere frå Os på veg til Hamar for åttande gong.
Det var ein del trøytte ansikt då spelarane på åtte av dei aldersbestemte laga til Os Turn Håndball klokka sju fredag morgon sette seg på to bussar frå Osbuss med nasa vendt mot Hamar og Storhamar Cup.
– I år er vi totalt 104 som reiser. Det blir ein lang busstur, men det er så kjekt at det klarer vi, seier reiseleiar Ruth Moberg.
Tilbake der det starta
Dette er åttande gong handball-laga frå Os reiser til handballturneringa i Vikingskipet. Dei fleste åra har dei budd i landlege omgivningar på Toneheim Folkehøgskule, men i år har dei blitt innkvartert på Hamar OL-Amfi.
– Det er same plassen som klubben blei innkvartert første året vi reiste med fleire lag.
– Dei som var med den gongen fortel at det var ein heilt grei plass, men litt lengre frå arenaen enn Toneheim.
Einaste frå Hordaland
Os er den einaste klubben i Hordaland som stiller i turneringa som feirar 20 års-jubileum i år. Klubben stiller med lag i jenter 11, 12, 13 og 14 og i guter 12 og 13.
– Det å møta berre ukjende lag er noko av det vi gler oss mest til.
– Det skal bli kjekt å sjå korleis vi ligg ann i høve lag for aust- og sørlandet, fortel lagleiar på G13, Kari Lekven Kolskogen før bussane rullar ut frå Kuventræ.