Sport | 31. mai 2012

12 poeng til 7 lag

6 av dei 7 seniorlaga i Os tok poeng i førre runde. Fredag er det fleire heimekampar, laurdag er det derby på Nore Neset.

12 poeng til 7 lag
Sander Kvittingen, her i kamp mot Fana for Os junior i fjor, blei matchvinnar for Os 2 i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. mai 2012 20:51

Os klatra tilbake til toppen av tabellen då dei slo Haugesund 2 på heimebane og Sandnes Ulf 2 gjekk på eit 6-3-tap for byrival Stavanger i same runde.

Onsdag spelte Os 2 borte mot Kjøkkelvik og vann 2-1.

– Det sto 0-0 til pause. Ramo gav oss leiinga i første speleminutt i 2. omgang, men Kjøkkelvik utlikna få sekund etter, fortel Terje Kvittingen.

Os 2 hadde spelet, men kampen var jamn og fysisk sterke Kjøkkelvik gav dei mange unge Os-spelarane, som har hoppa over juniortrinnet, ein del å bryna seg på.

Men Sander Kvittingen sørgja for siger med 2-1-skåring 15 minutt før slutt.

Os speler borte mot Stord laurdag, Os 2 speler borte mot Olsvik søndag.

Festspel i Lysefjorden

Medan Festspillene gikk for fullt i Bergen og Os spelte serieleiar i ny divisjon, Lysekloster, festleg på heimebane mot Dale på 4. plass.

Lysekloster vann til slutt 6-0 etter skåringar av Joakim Hovden 3, Kim Krogsethagen 2 og Christoffer Robin Larsen.

Lysekloster speler i neste runde borte mot Brann 3 på 3. plass.

Derby på Nore Neset

Lysekloster 2 tapte 3-4 for Minde på 3. plass i førre runde, men leiar framleis tabellen.

Laurdag reiser dei til Skeie for lokaloppgjer mot Nore Neset.

Nore Neset spelte 3-3 mot Viggo i førre kamp, Viggo ligg på 2. plass på tabellen.

Laurdag klokka 13 startar kampen mellom Nore Neset og Lysekloster 2.

Søre Neset og Søfteland speler fredag

Fredag 1. juni speler både Søre Neset (5. div) og Søfteland (6. div) heimekampar.

Søre Neset tapte 1-4 borte for Fitjar i førre kamp, Søftelandspelte 2-2 mot Smørås 2.

Fredag tar Søre Neset på 10. plass imot serieleiar Bremnes med kampstart klokka 19.

Same tis tar Søfteland imot sin seriemeister, Fotlandsvåg. Søfteland ligg på 3. plass 5 poeng bak Fotlandsvåg, 4 poeng bak Smørås 2, som har spelt ein kamp meir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.