Lokal | 20. mars 2020

13- og 14-åring funne av hundepatrulje etter biltur

Køyrde rundt i Os i natt, stakk til skogs på Søfteland.

13- og 14-åring funne av hundepatrulje etter biltur
To gutar stakk til skogs etter biltur, men blei funne av hundepatrulje. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. mars 2020 08:54

Klokka 03.14 natt til fredag fekk politiet tips om to personar i bil som såg i overkant unge ut.

Ungdomane skal ha køyrd forbi Esso mot Hatvik.

Ein patrulje frå Bergen køyrde over Fanafjellet mot Os mens ein hundepatrulje køyrde over Vallaheiane.

– Det kom fleire meldingar denne perioden, og bilen blei stoppa ved Hjellemarka på Søfteland, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

To gutar var i bilen. Dei stakk til skogs, men blei funne av hundepatrulje.

– Gutane fyller 14 og 15 år i år. Dei bur på ein institusjon i Bergen.

Dei blei tatt med til legevakt for sjekk, i tilfelle ruspåverka køyring. Barnevernet blei varsla og gutane returnert etter avhøyr. Det er oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.