Det er ikkje berre folk som flyttar til Os kommune, men også fleire nye føretak som registrerer seg med adresse i kommunen (foto: AH)

14 fleire etableringar i 2018 enn 2017

97 føretak har etablert seg i Os i løpet av første halvår 2018. Det er 14 fleire enn i fjor.

Av: Andris Hamre

Brønnøysundregisterne offentleggjorde onsdag tal på kor mange føretak som var blitt registrert i Føretaksregisteret første halvår.

– Det blei registert 20 676 nye føretak i Føretaksregisteret første halvår i år, mot 18 460 i det same tidsrommet i fjor, heiter det i pressemeldinga frå Brønnøysundregisterne.

Totalbestanden i Føretaksregisteret har auka frå 480 680 i første halvdel av fjoråret til 494 514 i første halvdel i år.

– Det blei registrert 15 386 nye aksjeselskap i første halvår i år, mot 14 384 i første halvår 2016. Når det gjeld enkeltpersonføretak, blei det registrert 16 634 nye i 2017, mot 19 495 i den same perioden i fjor. Talet på nye enkeltpersonføretak som også er registrert i Føretaksregisteret gikk opp frå 2 574 i 2016 til 3 741 første halvår 2017.

– Talet på nye norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) held fram med å gå ned, frå 512 i første halvår 2016 til 407 første halvår 2017.

Auke også i Os

Tala vi har henta ut frå føretaksregisteret syner at også i Os kommune er det fleire som har etablert seg i 2018 enn det var i 2017. Totalt har det blitt etablert 97 nye føretak i løpet av dei seks første månadane i 2018. I 2017 var tilsvarande tal 83.

Størst auke har det vore i etablering av aksjeselskap kor tala for 2018 syner 81 registreringar mot 67 i 2017. 14 personar har etablert enkeltpersonføretak mot 13 på same tid i fjor. Det har også bitt etablert 2 NUF mot 1 i fjor.

I løpet av dei seks første månadane i 2017 blei det også registrert eitt ansvarleg selskap og eitt selskap med delt ansvar. I 2018 er det ingen slike registrerte selskap.

Fleire saker