Lokal | 29. mars 2012

1/4 går til barnehagar

Os kommune brukte 1 milliard kroner i fjor. Nesten ein fjerdedel av pengane blei brukt som tilskot til barnehagar, til saman over 80 prosent gjekk til oppvekst og helse.

1/4 går til barnehagar
Os Rådhus. (Foto: Solveig Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. mars 2012 14:18

Rådmannen i Os, Knut Terje Rekve, la i kommunestyret tysdag fram rekneskapen for 2011. Den viser at Os kommune hadde brutto driftsutgifter på 936,6 millionar kroner.

Nettokostnadane er på 672,4 millionar kroner, av desse går 153,7 millionar kroner til tilskot til barnehagar (21,5 til kommunale, 132,2 til private).

– Driftsutgiftene til Os kommune auka med 69,6 millionar kroner frå 2010 til 2011, inntektene auka med berre 33,7 millionar kroner, fortel Rekve.

Frå pluss til minus

Med dette er brutto driftsresultat gått frå 35,6 millionar i pluss i 2010 til 293.000 kroner i minus i 2011.

– Utgiftsutjamnane tilskot auka kraftig grunna omlegging av barnehagereforma, men reforma er underfinansiert. Resultatforverringa er i hovudsak knytt til tilskot til private barnehagar, noko som ei auke som utgjer 24,8 millionar kroner, men også til tiltak for funksjonhemma, som auka med 10 millionar kroner.

Budsjettrammene for 2012 bygger på føresetnad om at helse/sosial skal ned. Det er ikkje tatt full høgd for barnehagekostnadane, desse krev tiltak.

Har framleis pengar på bok

Porteføljeverdien til Os kommune er på 172,9 millionar kroner.

Den har vore nesten 100 millionar korner høgare, men så har det også vore brukt over 220 millionar kroner sidan kommunen i 2003 gjekk inn med 263,6 millionar.

Sidan 2003 har Os kommune tent over 130 millionar kroner på børs.

Porteføljeverdien per 31.12.02: 263.609.487 kroner
Porteføljeverdien per 29.02.2012: 172.868.910 kroner

Frå og med 1/1-03 til og med 29/2-12 har utviklinga vore slik:
• Samla avkastning: 82,3 %
• Årleg avkastning i snitt: 6,77 %



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.