15. mars: Eitt nytt tilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden

Smitteveg kjend og nærkontaktar er varsla opplyser kommunen.

Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 15. mars 2021 09:13

I dag melder kommunen om eitt nytt smittetilfelle sidan sist.

Ein mann i 50-åra fekk påvist covid-19 fredag 12. mars.

Smittevegen er kjend og alle nærkontaktar er varsla.

Det var kun eitt nytt smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune førre veke.

Dette kom onsdag 10. mars, og vedkomande var ein av ungane i Flåten Naturbarnehage.

I alt blei 21 personar smitta i samband med utbrotet i barnehagen etter at ein tilsett 1. mars fekk påvist covid-19.

Minst 6 av desse 21 er barnehagebarn.

35 ungar og 15 tilsette blei sett i karantene, men for seint til å unngå at smitta hadde breidd om seg.

Det var likevel ikkje snakk om mutert versjon.

Vaksine på vent

Torsdag 11. mars blei det kjent at Bergen kommune og fleire nabokommunar, inkludert Bjørnafjorden, sette AstraZeneka sin vaksine på vent.

Årsaka var rapportar frå Danmark om moglege alvorlege biverknadar i form av blodpropp hos nokre som har fått denne vaksinen.

– Vi kjem med meir informasjon når vi veit kva FHI og Legemiddelverket har bestemt, og kva for konsekvensar dette eventuelt vil ha for vaksinasjonsplanen i Bjørnafjorden kommune, sa kommuneoverlege Klaus Melf i ei pressemelding.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* Kan vera dato vi fekk informasjon, at smitte blei påvist dagen før.

Til no i 2021: 52
Totalt smitta: 155
15. mars/12. mars: Mann i 50-åra. Smitteveg kjend. Nærkontaktar varsla.
9. mars: Barn i Flåten Naturbarnehage.
7. mars: Kvinne i 60-åra. Smitta av nærkontakt i husstanden.
7. mars: Mann i 20-åra. Ukjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
7. mars: Kvinne i 20-åra. Kjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
7. mars: Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg, samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage.
7. mars (frå fredag 5. mars): Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg frå annan kommune.
7. mars (frå fredag 5. mars): Barn i barneskulealder. Kjend smitteveg, samband med utbrotet i Flåten naturbarnehage.
7. mars (frå fredag 5. mars): Barn i Flåten Naturbarnehage.
5. mars: To barn frå Flåten naturbarnehage
5. mars: Kvinne i 20-åra, forelder i Flåten naturbarnehage
5. mars: Mann i 60-åra, relasjon til utbrotet i Flåten naturbarnehage
5. mars: Kvinne i 60-åra, nærkontakt med anna smittetilfelle
4. mars: Barn frå Flåten Naturbarnehage.
4. mars: Kvinne i 20-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.
4. mars: Kvinne i 30-åra. Forelder i Flåten Naturbarnehage.
4. mars: Mann i 70-åra. Kjent smitteveg frå annan kommune
3. mars: To barn frå Flåten Naturbarnehage
3. mars: Mann i 30-åra, far til barn i F. Naturbarnehage
2. mars: Mann i 30-åra, nærkontakt med smitta kvinne konstatert 1. mars
2. mars: To barn frå Flåten Naturbarnehage
1. mars: Kvinne i 30-åra, tilsett i barnehage.
1. mars: Mann i 50-åra. Nærkontakt av smitta elev ved NN uskule.
26. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset uskule.
25. februar: Ungdom i slutten av tenåra, elev ved skule i Bergen.
25. februar: Kvinne i 40-åra frå same husstand som eleven frå Nore Neset.
25. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule. 77 i karantene.
24. februar: Kvinne i 20-åra, truleg smitta i ein nabokommune.
23. februar: Mann i 40-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
23. februar: Mann i 20-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
8. februar: Jente som er elev ved Os vgs. Smitta av kontakt i Bergen.
8. februar: Kvinne i 20-åra. Smitteveg ukjent.
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle

Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.