Kultur | 19. juni 2011

1500 ville sjå

Oseana: Omvisningar, sal av frimerke og Osøren-billettar, klovnesprell og vaffelpresse på høggir.

1500 ville sjå
Andris Hamresundag 19. juni 2011 11:19

Det var mange som ville ta Oseana nærare i augesyn då huset endeleg blei opent for ållmenta laurdag førmiddag.

- Vi har hatt omlag 1500 vitjande innom i løpet av dei timane vi hadde ope hus, fortel arrangementssjef Berit Steen.

Omvisning

Dei friviljuge Oseanavertane tok seg av trafikkdirigering nede på kaien, ønska folk velkomen ved inngongen og leia grupper på 12-15 skodelystne rundt på huset.

- Det er utruleg kor flott det er blitt, var nokre av kommentarane midtsiden.no fanga opp.

Bergensbanen gav utfordring

Mange har nok gledd seg til at bygda skulle få eit nytt restauranttilbod og hadde lagt turen ut på Mobergsneset for å testa ut kva Færingen hadde å by på.

Grunna togbrannen på Hallingskeid hadde dei ikkje fått riktig alle varene dei skulle ha til opninga, men kaffi, vaflar og Oseana-vin til å nyte på uteserveringa lot seg ordne.

Framleis pass att

I foajeen hadde Osøren Blues og Jazzfestival rigga seg til med billettsal til dei kommande arrangementa i huset.

- Festivalpassa har gått litt treigare enn vi hadde håpa, fortel Hans Bjørn Bakketeig.

- Vi kunne ønska at osingane var litt meir i forkant og ikkje kjem i siste liten for å kjøpa billettar.

- Uansett, vi er optimistiske og satsar på fulle hus, smilar Bakketeig i det han reklamerar med 7 konsertar fredag og 8 på laurdagen.

Dei er på plass også under opent hus i dag, sundag, med billettar til to cruise, festivalpass og Vamp.

Sekkepiper og kammerkonsert

I dag er det sekkepipeopptog frå Osøyro til Oseana med påfylgjande konsert, ope hus, gratis kammerkonsert med Kongshauglærarane og seniordans, kor og leikarring med Os Pensjonistforening som står på programmet i tillegg til kveldens framsyning av HavFest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.