Ein ung mc-førar blei stoppa av UP i høg fart i 50-sona på Ulvenvegen. (Foto: KVB)

16-åring køyrde i 92 km/t i 50-sona

Mista lappen og kan venta seg bot på over 10.000 kroner.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag, litt før klokka 8 om morgonen, blei ein lett motorsykkel stoppa av utrykningspolitiet på Ulvenvegen.

– Motorsykkelen var målt i 92 km/t i 50-sona, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Det blei tatt beslag i førarkortet til den unge sjåføren, ein 16 år gamal gut, og han er meldt for forholdet.

• Les òg: Faren til 16-åringen reagerer på målinga og framferda og krev førarkortet tilbake

Normal reaksjon om du køyrer 31-35 km/t over fartsgrensa, og fartsgrensa er 70 km/t eller meir, er 9.950 kroner i forelegg (og tre prikkar).

Her er farten 42 km/t over fartsgrensa, og fartsgrensa lågare, noko som kan gjera køyreturen svært dyr for den unge trafikanten.

Mann i arresten etter slåstkamp med familiemedlem

Onsdag kveld rykte politiet ut etter melding om slåsting på ei adresse.

– Ein krangel eskalerte til fysisk konfrontasjon. Patruljen tok med seg ein av partane, ein mann i 30-åra, rusa på alkohol. Han måtte overnatta i arresten i Bergen.

Partane er i familie med kvarandre. Mistenkte skal i avhøyr i dag.

Fleire saker