Lokal | 25. nov. 2019

To 16-åringar tatt med hasj

Ein tredje blei sendt småfull heim til foreldra i Bergen.

To 16-åringar tatt med hasj
Osøyro. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. nov. 2019 10:09

Klokka 01.20 natt til søndag møtte politiet to 16-åringar som dei kontrollerte.

– Begge framsto som rusa, og begge erkjente bruk av hasj, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Den eine kjem frå Os, den andre frå Bergen. Foreldre blei kontakta og barnevernet er varsla.

• Les òg: Skreiv ut 10 fartsbøter på Ulvensletta

Tidlegare på kvelden, i 22.30-tida, møtte politiet ein annan 16-åring. Han framsto som småfull og innrømte å ha drukke nokre øl. Politiet kontakta foreldra, som bur i Bergen, og som kom til Os for å henta sonen.

Kvinner og menn i slåstkamp

Laurdag i 17-tida rykte politiet ut på melding om fysisk konfrontasjon mellom to kvinner og to menn.

Partane er i 30- og 40-årsalderen.

– I avhøyr på staden hevda ei av kvinnene at ho blei angripen, men video-opptak frå staden viser at ein av mennene er fornærma i saka. Det ser òg ut som om det berre er tre av dei fire som er involverte.

Ingen blei alvorleg skadd, men politiet har oppretta sak.

Aggressiv kvinne i drosjekøen

Klokka 02.50 natt til søndag fekk politiet melding om aggressiv og trugande kvinne ved drosjeplassen.

– Også ambulanse var tilkalla. Vi hjelpte til med å roa kvinna ned, før ho blei sett til av helsepersonell.

Avslutta nachspiel

Seinare på natta, klokka 04.46, fekk politiet klage på støy frå fest.

– Det var ingen konfliktar, berre høg musikk, men vi fekk kontakt med huseigar som dempa støyen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.