Lokal | 12. okt. 2014

16 gongar utan førarkort

Mannen som blei stoppa i ein gull-limo på Halhjemsvegen i fjor er no dømt til fengsel.

16 gongar utan førarkort
Her blei 32-åringen stoppa. Turen heim til Sandnes blei også trøblete. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 12. okt. 2014 21:05

Onsdag morgon 24. april i fjor blei ein mann stoppa i ein gullfarga limousin på Halhjemsvegen.

Førar var mistenkt for både promillekjøring og kjøring utan førarkort.

Les òg: Førar tigga pengar - eigar leiter etter limoen

Det viste seg at føraren av bilen, ein 32 år gamal mann frå Sandnes, hadde 0,6 i promille.

Vedkomande møtte ikkje opp då Nordhordland tingrett tok avgjerd i saka mot han.

Der kom det fram at mannen er dømt for kjøring utan førarkort heile 15 gongar tidlegare. To gongar tidlegare er han dømt for promillekjøring.

Han er no, ifølgje BA.no, dømt til fengsel utan vilkår i 60 dagar og til å betala 3000 kroner i bot.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.