Det blir stadig tettare på Kyrkjeflaten 17. mai. (Foto: KVB)
Det blir stadig tettare på Kyrkjeflaten 17. mai. (Foto: KVB)

17 innbyggarar frå 21.000

318 personar flytta til Os førre kvartal.

Kjetil Vasby Bruarøy
05. desember 2019 - 9:30

I november kom SSB.no med innbyggartal og statistikk for 3. kvartal, altså til og med 30. september, i Noreg og ute i kommunane.

I Noreg blei vi 11 190 fleire innbyggarar i løpet av 3. kvartal.
Fødde: 14.694
Døde: 9.694
Innvandring: 15.009
Utvandring: 8.819

Tilsvarande tal for Os:
Fødde 70
Døde 38
Innvandring 24
Utvandring 18
Innflytting, innanlands 294
Utflytting, innanlands 267
Folkevekst 65

Også Fusa hadde vekst:
Fødde 5
Døde 11
Innvandring 5
Utvandring 7
Innflytting, innanlands 59
Utflytting, innanlands 46
Folkevekst 5

Ved utgangen av 3. kvartal, 30. september, var folketalet i:
Os: 20.983
Fusa: 3.866

Det betyr at vi i skrivande stund kanskje har passert 21.000 innbyggarar i Os.

Os har hatt folkevekst i 4. kvartal kvart år i minst 20 år.

Sidan 2010 har veksten i 4. kvartal vore på over 100 innbyggarar, med unntak av dei to siste åra, då vi har vakse med 44 og 23.

Det er med andre ord ein viss sjanse for at veksten blir på under 17, og at vi ikkje rundar 21.000 før vi slår oss saman med Fusa.

Les meir om

Lokal Politikk