Lokal | 12. mai 2020

17. mai: Sånn blir ruta til Os Amcar

Køyrer bygda rundt, men stoppar for å synga.

17. mai: Sånn blir ruta til Os Amcar
Os Amcar Club, her på cruising 4. juli, køyrer med minst 27 bilar 17. mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. mai 2020 10:38

I førre veke fortalte Os Amcar Club at dei ønskjer å køyra kortesje 17. mai.

No har 27 bilar meldt seg på og ruta er planlagt og testkøyrd.

– Vi kjem ikkje til å dela oss opp i puljer, slik du spurde om sist. Men vi likte ideen om å køyra rundt i ulike nabolag under denne koronaprega markeringa, og har lagt opp til ei ganske lang rute, fortel formann Steinar Håland.

Avreise blir frå Er-An Veikro rundt klokka 11. Etter ei sløyfe ut i fleire krinsar skal kortesjen landa på Osøyro til klokka 13, når heile Noreg skal synga nasjonalsangen samtidig.

Også på veg tilbake til Er-An blir det nokre omvegar.

– Vi vil undersøka sjansen for å få opna bommane i Øvre og Nedre Varåsen, og har ikkje heilt bestemt på om vi køyrer sikk-sakk i Varåsen før eller etter song frå Os sentrum, seier Håland.

Midtsiden publiserer endeleg rute nærmare 17. mai, saman med mest mogleg komplett program nærmare søndag.

Her er foreløpig rute for Os Amcar:

  • Frå Er-An Veikro gjennom Hjellemarka
  • Tilbake til Joker Søfteland og over Langedalen
  • Forbi Lysekloster-ruinane til Lsekloster skule
  • Gjennom Søvikåsen til Ulven
  • Forbi Skeie til snuplassen i Øyane
  • Til Halhjem via gamlevegen til haugland og ut til fotballbanen på Bjørnen
  • Til Os, med patrulje nedom Kuhnle og innom Luranetunet
  • Mot Hatvik, oer Eidbrekka, inn til Rød og ut til Hjelle
  • Via Borgavegen og Finnebrekka inn til Osøyro for å parkera
  • Kl 13.00: «Ja, vi elsker» frå Os sentrum
  • Sikk-sakk gjennom Varåsen - retur til Er-An på Røykenes

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.