Rett over helga blir 17. maiprogrammet for Os og krinsane sendt ut til husstandane i kommunen.
SJÅ VIDEO OG BILDERSERIE FRÅ 17. MAI 2013.
Heile programmet finn du også ramsa opp under dette intervjuet med Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune.
Årets talarar
Til 200-årsjubileet for grunnlova har Os kommune bestilt eit tettpakka tilbakeblikk på soga om Os.
– Vi er veldig glade for at Mari Lyssand tok på seg den utfordrande jobben og vi gler oss til å høyra «200 år av Ossoga på cirka 10 minutt», seier Kjetil, inspirert av Frank Aarebrot i si bestilling.
Mari er hovudtalar på Kyrkjeflaten i år. Her er andre talarar:
• Luranetunet 10.00: Jon Sivert Rykkel
• Minneparken 11.00: Bjørn Matland
• Kyrkjeflaten 12.45: Ronja Skaathun (russepresident)
• Søre Øyane/Kongshaug 11.30: Eirik André Hesthamar
• Lysekloster: Hannah Roman, Amali Gabrielsen og Øystein Nordvik.
• Søfteland 11.00: Terje Søviknes
Ved fleire skular er det elevar i 7. trinn som held tale for dagen.
Oppstilling og start på grusbanen
I fjor var det ombygging på Os ungdomsskule og hovudprosesjonen hadde oppstilling og start på grusbanen i staden for på skuleplassen, som tidlegare.
– Etter at det blei fysisk avsperring på parkeringsplassen nedanfor gymsalen til Os ungdomsskule har det blitt vanskelegare å organisera kjøretøya som skal vera med i toget.
– Derfor held vi fram med oppstilling og start på grusbanen, med bilar stilt opp i Jordmorsvingen og området rundt.
Saknar påmelding frå lag og organisasjonar
– Førebuingane går fint og det har byrja å koma inn påmeldingar frå lag og organisasjonar som deltar i toget.
– Barnehagane har vore veldig flinke, og vi håper at idrettslag og andre melder seg på så snart som mogleg. Dess lettare blir jobben vår med å organisera toget.
Grønvigh når du på epost kjgr@os-ho.kommune.no.
Får vi sol?
Førebels kan det sjå ut som om det skal letta litt på tampen av neste veke.
Sjå vêrmelding for Osøyro på Storm.no.
17. maiprogrammet for Os og krinsane
Her er heile programmet:
OS SENTRUM
07.00 Os Musikkforening speler frå Finnebrekka.
10.00 Arrangement på Luranetunet. Tale ved kommunestyrerepresentant Jon Sivert Rykkel. Kulturelt innslag. Os Musikkforening speler.
10.00 Gudsteneste i Os Kyrkje. Sokneprest Margrethe Holmboe Askeland og kantor Anita Haugland Berge. Offer til sjømannskyrkja/Norsk kyrkje i utlandet. Song av Os Mannskor.
11.00 Minneparken. Tale ved kommunestyrerepresentant Bjørn Matland. Song av Os Mannskor.
11.30 Oppstilling til prosesjon på grusbanen ved Os ungdomsskule.
11.45 Korpsa speler «Ja vi elsker». Toget går gjennom sentrum, forbi apoteket, over brua og opp til Sjukeheimen, retur via rundkjøringa, forbi Rimi, fram til Kyrkjeflaten (russebilane parkerer på skilta plass framfor Rådhuset).
12.45 Arrangement på Kyrkjeflaten (Musikk ved Os skulekorps og Os Musikkforening).
• Opning: «Ja vi elsker».
• Ord for dagen ved elevar frå 7. trinn ved Os barneskule
• Song ved 1. og 2. klassetrinn ved Os barneskule.
• Tale for dagen ved Mari Lyssand ”200 år av Ossoga på ca 10 minuttar”
• Spellemannsprisvinnar Gina Aspenes syng
• Oppvisning ved CheeriOs (cheerleading)
• Utdeling av premie for beste innslag i prosesjonen.
• ”Mitt lille land” ved Hans Marius Johnsen og solistar «Ossongen».
• Tale ved årets russepresident Ronja Skaathun
• «Fagert er Landet».
14.00 Slutt.
17.30 Oseana Kunst & Kultursenter. Konsert med Osøren Jazzensemble. Gratis arrangement i samarbeid med Os kommune.
OS BARNESKULE
14.00 - 16.00 Aktivitetar og leikar for born på skuleplassen. Kafédrift i gymsal med sal av rømmegraut, betasuppe, kaffi, kaker, hot dogs, is, brus og vaflar.
KUVENTRÆ
14.30 Frammøte og opningsord på skuleplassen.
14.45-16.30
Aktivitetar og leikar for born på skuleplassen.
Kafédrift med sal av lapskaus, rømmegraut, hot dogs, brus, is og vaflar.
HEGGLANDSDALEN
13.45 Frammøte på skuleplassen.
14.00 Prosesjon går frå skuleplassen mot Dølatun
14.45 Tale for dagen v/elevar i 7. klassetrinn.
15.00 Kafe; Sal av betasuppe, hot dogs, kake, kaffi, brus, is, sukkerspinn, popcorn. Leikar og aktivitetar for born og vaksne.
16.00 Fotballkamp: 7. klasse mot føresette.
SØRE NESET/LUNDE BARNESKULE
14.00 Salutt. Toget startar frå Halhjem kai og går til Lunde barneskule. Søre Neset Musikklag speler.
14.40 To vers av nasjonalsongen, kor ved elevar frå 2. klassetrinn
14.50 Tale for dagen ved elevar frå 7. klassetrinn. Søre Neset Musikklag spelar
15.00 Aktivitetane og salet startar
16.45-17.00 Premieutdeling på scenen.
STRØNO
10.45 Frammøte i Krysset.
11.00 Prosesjonen går til skulen.
Musikk ved Nore Neset skulekorps.
Tale for dagen ved 7. Klasse på Nore Øyane skule
Sal av brus, is, pølser og rømmegraut.
12.00 Aktivitetar og natursti
13.30 Premieutdeling og trekking av loddbøker.
17.00 - 19.00 Aktivitetar i ungdomshuset Alvheim: Kafeteria, luftgeværskyting. pilkast m.m.
NORE NESET
14.00 Salutt: Prosesjonen går frå skuleplassen, over Skorvane og hovudvegen tilbake til skulen.
14.30 Skulekorpset speler. Tale for dagen ved elevar frå 7. klasse.
15.00 Leikar for born og vaksne. Dersom det blir stygt vær, blir delar av aktivitetane flytta inn. Sal av is, brus, pølser, rømmegraut, kaffi og kaker.
16.00 Leikane vert avslutta.
16.30 Premieutdeling.
17.00 Slutt.
SØRE ØYANE
10.15 Toget stiller opp ved snuplassen på Røtinga (Utgjerdet).
10.28 Salutt
10.30 Søre Neset Musikklag spelar opp og vi syng ”Ja, vi elsker”. Toget startar og går til Kongshaug Musikkgymnas.
11.30 Toget kjem inn til Kongshaug. Vi samlast på plassen og syng ”Gud Signe vårt dyre Fedreland”. Tale for dagen ved Eirik André Hesthamar.
12.00 Leikar og konkurransar for små og store. Sal av betasuppe, rømmegraut, pølser, kaffi, kaker, is og brus.
14.30 Premieutdeling og vandrepokal til ”Årets beste 17.mai-tog klasse”.
LYSEKLOSTER
13.00 Opning i Lysekloster ruinar. Deltaking av Lyshornet Brass m. fl.
• Tale for dagen ved Hannah Roman, Amali Gabrielsen og Øystein Nordvik
13.50 Folketoget går frå Lysekloster ruinar til Lysekloster skule.
15.00
• Arrangement på Lysekloster skule. Leikar for born.
• Underhaldning ved Lyshornet Brass m.m.
• Sal av is, brus, smørbrød, kaker m.m.
• Loddsal og fine gevinstar.
Gratis buss til Klosterruinane:
Frå Drange 12.00
Frå Åsen 12.30
Frå skulen 12.15 og 12.45
SØFTELAND
08.00 Søfteland Musikklag spelar ved Urheim.
09.45 Toget stiller opp ved Joker Mat.
10.00 Toget går om Furuflaten til skulen.
11.00
• Søfteland Musikklag speler.
• Tale for dagen ved ordførar Terje Søviknes
• Borna underheld med song.
• Tale av elevar i 7. klassetrinn.
• Premiering for beste innslag i toget.
11.45
• Kappspringing med premieutdeling for born under skulealder og 1.-7. klassetrinn. Vi startar med dei minste.
• Aktivitetar for store og små.
• Dans- og turnoppvisning. Div. leikar og underhaldning.
Ca 14.30Premieutdeling og avslutning.
HER ER VIDEO OG BILDERSERIE FRÅ 17. MAI 2013