Lokal | 13. mai 2020

17. maiprogrammet til Bjørnafjorden kommune

Sånn blir direktesendinga.

17. maiprogrammet til Bjørnafjorden kommune
Oseana ein aprilmorgon i 2018. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. mai 2020 10:22

Bjørnafjorden kommune sitt offisielle program går ikkje frå Kyrkjeflaten eller andre samlingsplassar, som smitteverntiltak kjem talar og underhaldning via direktesendt video frå Oseana.

Eirik Søfteland og Liv Grete Skjebreid er programleiarar for sendinga.

I dag har kommunen kome med fleire detaljar:

Det blir 17. mai-sending frå klokka 11.30 og fram til heile landet syng «Ja, vi elsker» klokka 13. Liv Grete Skjelbreid og Eirik Søfteland leier oss gjennom eit program med ei smittevernvennleg blanding av innslag innspelt på førehand og gjester i studio på Oseana-altanen.

Sendinga kan du sjå blant anna på kommunen si heimeside og her på Midtsiden og hos Os & Fusaposten.

  • 11.30 opnar Os skulekorps og Os Musikkforening sendinga.
  • Trine Lindborg held sin første 17. mai-tale som ordførar, og kjem på besøk i studio. Det gjer òg dei tre russepresidentane Emilie Furevik frå Fusa vidaregåande skule, Elida Sofie Kordts frå Os vidaregåande skule og Martine Pedersen frå Os gymnas.
  • Det er lang tradisjon at dei eldste og dei yngste frå barneskulane Os og Kuventræ bidrar annakvart år med innslag frå scena. Elevane hadde byrja øvinga før alt blei stengt i mars, og er med i sendinga på video.
  • Første og andre trinn syng, og sjuandeklassingane Maren Hansen Eidhammer og Nora Hanken held ord for dagen.
  • I løpet av sendinga får vi òg høyre om 17. mai i fredsåret 1945 frå bjørnafjordingar som hugsar den store festdagen godt.
  • Innimellom kjem det ferske innslag frå lokalmedia sine utsende reporterar rundt omkring i kommunen.
  • Når korpset spelar «Ja, vi elsker» klokka 13, står ein kor-kohort spreidd på Oseana-altanen som forsangarar. Då håpar vi alle bjørnafjordingar syng med!

Fleire deler av programmet

I fleire bygder og krinsar mobiliserte lokale komitear, lag og organisasjonar raskt då regjeringa letta litt på restriksjonane. Det er mellom anna planlagt prosesjonar i båt og med bil fleire stader i kommunen, alt i tråd med gjeldande smittevernreglar.

På grunn av korte fristar og løpande organisering blir ikkje slike arrangement samla i eit felles program frå kommunen i år.

Lokale arrangement
I tillegg til den digitale feiringa, blir desse programpostane gjennomførte:
09.00: Kransenedlegging i Minneparken på Os.
10.00: Os skulekorps og Os musikkforening spelar i hagen på Lurane. Feiring på avdelingane, Terje Søviknes held digital tale.
10.00: Digital nettandakt frå Os kyrkje, med Os mannskor. Det blir òg gudsteneste i kyrkja, med påmelding.
11.15: Kransenedlegging i Strandvik. Tale Tale ved Jeanne Boge.
11.30: Kransenedlegging ved Fusa kyrkje.Tale ved Bente Juveng Øpstad
13.00: Eikelandsfjorden_ Salutt og «Ja, vi elsker». Eikelandsfjorden musikklag speler utanfor sjukeheimen. Helsing frå 17. maikomiteen.

Kommunen oppdaterer artikkelen om det kjem nye innslag i programmet. Midtsiden kjem med oversikt over fleire ting som skjer 17. mai nærmare helga.

Hugs smittervernreglane!
Anten du feirar med familie eller naboar i hagen, på ein fjelltopp eller i ei vik, hugs å halde minst ein meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og fortsett med hyppig handvask.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.