Lokal | 10. okt. 2014

18 år for rosa sløyfe

Ella Bahus har i 18 åra vore med i styret for brystkreftforeninga i Bergen. Dei siste 16 åra har oktober vore farga med rosa sløyfer.

18 år for rosa sløyfe
Kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson og mangeårig styremedlem i brystkreftforeninga i Bergen, Ella Bahus (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 10. okt. 2014 14:16

Oktober er månaden kor fokus på brystkreft blir satt gjennom den verdsomspennande Rosa Sløyfe-aksjonen. Dei siste 16 åra har Ella Bahus vore eindel av aksjonen gjennom ymse styreverv i brystkreftforeninga i Bergen.

– Stadig fleire overlever brystkreft, men omlag ei av fire kvinner som lever med kreftforma skal òg dø av den.

– Det er dei som opplever at kreften sprer seg til andre organ. Årets aksjon rettar seg spesielt mot dei som har fått beskjed om at dei ikkje kan bli frisk, fortel Bahus.

Tenkjer på det

Bahus blei sjølv operert for brystkreft i 1991 og har ikkje opplevd tilbakefall.

– Men det er klart eg tenkjer på det, når eg høyrer om venninner som har fått det.

– Opp mot 90% av dei som får brystkreft overlever, mykje takka vere den forskinga som har blitt gjort oppgjennom åra.

– Heldigvis går forskinga framover, noko som fører til at fleire lever lenger også med uhelbredleg brystkreft. Medisinane har blitt fleire og betre, noko som gjer at behandlinga er meir målretta og med færre bivirkningar no enn før, forklarar Bahus.

På Torgallmenningen laurdag

Bahus fortel at dei i år ikkje har lagt opp til eigne aksjonar på Os.

– Vi hadde førre helg stands på seks forskjellige kjøpesentre, kor Lagunen var det som var nærmast Os.

– I morgon kjem Rosa Sløyfe-turneen til Torgallmenningen i Bergen, så der vil det vera mogleg å få meir informasjon og gje sitt bidrag.

– I tillegg er det jo mange butikkjeder, som Statoil, Lindex, Kid og Coop som støttar aksjonen og sel mellomanna dei rosa sløyfene, fortel Bahus.

Fleire overlever

Midtsiden møter Bahus saman med kreftkoordinator i Os kommune, Sigbjørg Eriksson.

– Forskning hjelper, det er det ikkje tvil om.

– Eg var nettopp på ei konferanse kor ein av dei framste kreftforskerane i Noreg, Stein Kaasa fortalde at no overlever omlag 75% av dei som får kreft, uansett kva type dei får.

– For berre nokre år sidan var prosentsatsen på 67%, fortel Eriksson.

Viktig å gå til screening

Kvinner får, når dei fyller 50 tilbod om mammografi, for å undersøke brysta sine.

– Vi brystkreftforeninga ønskjer jo at den runtinemessige innkallinga blir satt ned til 45 år slik som det er i dei andre nordiske landa.

– Førebels har vi ikkje lukkast med å få myndigheitene med på det, fortel Bahus.

– Men det er det viktig at dei som får innkalling går til screening, påpeikar Eriksson.

Snakker lite om sjukdommen

Bahus meldte seg inn i brystkreftforeninga etter at ho sjølv hadde vore råka av kreft.

– I dag er vi omlag 650 medlemmer i Bergen og omeign som møtast til temakvelder, sosiale aktiviteter som turar og teater og til trening.

– Det er veldig lite snakk om sjukdommen når vi møtast, men for dei som treng det, så er det godt å ha nokon som veit kva det går i å kunne snakka med, forklarar Bahus, som for to år sidan blei utnemnd til æresmedlem i foreninga for si lange innsats.

Vil starta lokallag

Eriksson er glad for å ha fått kontakt med Bahus.

– Eg har lenge hatt ein idé om å kunne vera med på å dra i gang eit lokallag av kreftforeninga her på Os.

– Til det treng vi eldsjeler av frivillige som deg.

– Min tanke er at det kunne vera ei forening for kreftpasienter av alle slag, ikkje berre dei med brystkreft, fortel Eriksson.

– Er det mange nok som er intressert må jo det kunne la seg gjera, avsluttar Bahus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.