Sport | 21. apr. 2018

180 starta første halvtimen

Ulvenmarsjen er i gang med god deltaking.

180 starta første halvtimen
Sporty jenter på den nye gangvegen ved Ådnadalen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 21. apr. 2018 13:45

Bildeserie:

Deltakarar på rekke og rad i Ådnadalen (foto: AH)
Deltakarar på rekke og rad i Ådnadalen (foto: AH)
Appelsin og saft ved Nore Neset barneskule (foto: AH)
Appelsin og saft ved Nore Neset barneskule (foto: AH)
1 av 2
Deltakarar på rekke og rad i Ådnadalen (foto: AH)
Appelsin og saft ved Nore Neset barneskule (foto: AH)

Laurdag klokka 14 gjekk startskotet for den 40. Ulvenmarsjen. Då Midtsiden var innom starten på Os ungdomsskule litt seinare var det rolegare etter ein hektisk halvtime.

– Vi har vel sendt omlag 180 deltakarar ut i løypa no. Nokre av dei fekk lov til å starta litt før klokka to siden vi var klare, fortel primus motor Erling Andersen.

Kor mange som går laurdagen og kor mange som vel søndagen varierer frå år til år i følgje arrangøren.

– Det har vel litt med kva anna som skjer og korleis vêrmeldingane ser ut. Eg håper jo at det er nokre av dei som eigentleg hadde tenkt å gå Skarvarennet i dag i staden tar seg ein runde rundt Ulven.

Målet for helga er å få med seg mellom 400 og 500 deltakarar.

Deilig utan tidspress

Midtsiden tok ei runde rundt løypa for å sjå korleis det gjekk med deltakarane. Dei var i fint driv i alt frå treningsklær til vanleg tøy, til fots eller med sparkesykkel.

– Det er deilig å vera med på noko utan tidspress, smilte ein vi møtte ved frukt og drikkestasjonen på Nore Neset.

Har du lyst til å gå i dag, så rekk du det framleis. I dag er siste målgang klokka 19.

Dette er Ulvenmarsjen

Start og mål: Os ungdomsskule
Lengde: 14 km frå ungdomsskulen nord langs Byvegen, via Industrivegen, Ulven, Skeie og Moberg til ungdomsskulen
Start: Laurdag frå klokka 14, søndag frå klokka 10.
Første gong arrangert: I 1974 av dåverande Moberg IL, kun med konkurranseklasse. I perioden 1979-1987 gjekk løypa motsatt veg av kva den gjer i dag.
Rekordår: 1982 med 1220 deltakarar
Påmelding: ved start, arrangøren tek Vipps

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.