19 innertiarar
Skyttarane frå Os gjorde det skarpt under vestlandsstemna i Gulen i helga. Lisa Mine Gunhan imponerte med 19 innertiarar.


Lisa Mine Gunhan frå Os Skyttarlag gjorde svært god figur under vestlandsstemna i Gulen i helga.
- I klassen eldre rekrutt blei det sølv, og for laget frå Hordaland, som vann, skaut ho 100 med 10 innertiarar, fortel Steinar Eidsvik.
- Så avslutta ho med 100 og 9 innerblinkar i banefinalen, der ho blei nummer 6 i eldre rekrutt (ER) bane, legg han til.
Fleire gode resultat
Steinar Eidsvik blei sjølv meister i klasse V73 på felten med 42 treff. Han var einaste i klassen med fullt hus.
Oddvar Drange, som skyt i klasse V55, opna med 149 på 15 skoten, som han vann.
- Han hadde med det opplegg for det heilt store men med éin 8 og 4x9 blei det berre 93 på 10-skoten.
Tor Egil Gjerde skaut grovfelt og kom på 2. plass i klasse 3 med gode 27/11. Andreas Gjerde, som skyt ijuniorklassen, blei nummer 9 med 29/15.
- Dessverre lukkast ingen av dei i finalen, seier Eidsvik om oppkjøringa til landsskyttarstemna på Evje i august, der Os stiller med 33 skyttarar.