19 vigslarar å velja mellom
Planlegg du eit spektakulært bryllup? No har du nok av vigselfolk å velja mellom, her er lista over alle.
Frå 1. januar tek kommunen over oppgåva med borgarleg vigsle frå domstolane. Ordførar Marie Bruarøy (H) og varaordførar Laila Marie Reiertsen (Frp) er gjennom lova allereie gitt vigselmynde.
I kommunestyret tysdag skulle kommunestyret velja andre kommunale representantar som skulle få løyve til å via brudepar.
I saksframlegget var rådmann Christian Fotland, kommunalsjef Line Rye, kommunalsjef Aina Tjosås og kultursjef Lisbeth Axelsen foreslege.
– Det er også slik at folkevalde kan gis vigselsrett, men det må vedtakast med namn i kommunestyret, fortalde ordførar Marie Bruarøy, som sjølv allereie har fått fleire vigslar på blokka dei kommande månadane.
13 melde seg
Å få lov til å vie folk var tydelegvis populært blant kommunepolitikarane. Heile 13 av dei folkevalde seg ønska å stå på lista du no kan velja frå.
Eit samrøystes kommunestyre gav vigselrett i Os kommune til følgjande personar:
- Marie Bruarøy (H - ordførar)
- Laila Marie Reiertsen (Frp - varaordførar)
- Christian F. Fotland (Rådmann)
- Line Rye (kommunalsjef)
- Aina Tjosås (kommunalsjef)
- Lisbeth Axelsen (kultursjef)
- Gustav Bahus (Frp)
- Eirik Andre Hesthamar (Frp)
- Marianne Neumann Hjelle (Frp)
- Jonn Garvik (Frp)
- Sonja Vernøy Hansen (Frp)
- Kristine Tikkanen (Frp)
- Jan Helge Korneliussen (TVS)
- Terje Sperrevik (TVS)
- Glenn Erik Haugland (V)
- Bjørn Terje Bøe (MDG)
- Nils-Anders Nøttseter (MDG)
- May Brit Haringstad (H)
- Emil Tetlie Brimsholm (H)
Ordføraren blei samstundes gitt fullmakt til å utarbeida rutinar for vigsel og for å utarbeida gebyr som skal dekkje meirkostnadar for vigslar utanfor vanleg arbeidstid, i helger, utanfor rådhuset og for brudepar der ingen er busett i kommunen.