Sport | 28. juli 2016

2 av 6 i A-sluttspelet

No er det vinn eller forsvinn for Nore Neset i Dana Cup.

2 av 6 i A-sluttspelet
Nore Neset 1 i gutar 16 gjekk til A-sluttspelet. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. juli 2016 08:06

Nore Neset il deltar i Dana Cup med 6 lag, G13, G14, G15, to G16-lag og juniorlaget (G19).

Gutar 15 og det eine G16-laget er i A-sluttspelet, dei andre er i B-sluttspel.

– For laget eg leiar har det gått veldig bra, synest Kenneth Hufthammer.

Nore Neset 1 i gutar 16 starta med 4-0-siger over Madla, tapte 1-3 for mexicanske Intercups og vann 7-0 over Ottestad i siste kamp i puljespelet.

– Vi er nok gode nok til å slå det mexicanske laget òg, vi har slått dei andre laga i pulja med betre siffer enn Intercups klarte. Men det var morgonkamp og det såg ikkje ut som om gutane mine fekk opp tenninga skikkeleg.

Dermed blei det 2. plass i gruppa og 1/32-finale mot HSV FB frå Vestby i Østfold torsdag formiddag (kampstart 10.45).

– Eg trur det er like greit som om vi hadde vunne pulja, då hadde vi møtt Vard Haugesund, og der trur eg mexicanarane skal få det tøft.

Sluttspelet er i gang

Gutar 13 vann første kamp, men tapte dei to neste og er no i B-sluttspelet.

Gutar 14 tapte sine kampar i gruppespelet og rauk på 0-3-tap for Nøtterøy i 1/64-finalen i B-sluttspelet.

Gutar 15 er eit av dei to som er til A-sluttspel. Nore Neset starta med siger, tapte 0-1 for eit tysk lag og spelte 1-1 mot HamKam. I 1/32-finalen i A-sluttspelet, ein kamp som i skrivande stund er i spel, møter G15 eit dansk lag.

Nore Neset 2 i G16-klassen starta med to 0-5-tap for Søgne og eit lag frå Ghana, men vann siste gruppekamp 4-1 over Skedsmo 3. I ettermiddag ventar 1/32-finale i B-sluttspelet mot Eide og Omegn.

Gutar 19 tapte alle dei tre innleiande rundane, to av dei med knappast margin (0-1), og møter norske Havørn i 1/16-finalen i B-sluttspelet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.