Sport | 18. okt. 2009

2 baklengs - 2 raude

Det blei dramatikk då Os 2 spelte om opprykk på Kuventræ sundag ettermiddag.

2 baklengs - 2 raude
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. okt. 2009 17:52

Etter poengdeling mot Valestrand Hjellvik førre helg trengte Os 2 full pott for å vera sikker på å ta andreplassen i 4. divisjon avdeling 1. Andreplass er godt nok til opprykk, og Valestrand Hjellvik på 3. plass spelte samstundes mot botnlaget Osterøy, som dei slo 3-2.

I vår tapte Os 2 5-4 for Loddefjord, og dagens avgjerande kamp starta heller ikkje bra for heimelaget.

Vegard Borgen fekk sitt andre gule kort og gjestane skåra på straffe i 22. minutt. Fem minutt seinare heada dei inn ein corner. Men Os 2 løfta seg med ti mann på banen og vann til slutt 4-2 (1-2).

- Ein fantastisk Vegard Leikvoll Moberg, ein stødig Halvard Enes og eit utruleg innhopp av Kristoffer Sande redda oss.

- Også Dani Bergstø var svært stødig bak i dag, seier trenar Tore Nielsen, som om A-laget rykker opp kan feira opprykk også for Os 2.

Loddefjord var best fram til dei leia 0-2, men med 10 mann overtok Os 2 styringa.

Årets mål på Kuventræ?
Då Borgen blei utvist la Os om til 4-4-1. Då måtte Andreas Bjørnen, som hadde kom heilt frå Kristiansand heim til Os for å spela den viktige kampen, bli ofra til fordel for midtstoppar Kristoffer Sande.

- Sande var utruleg god, med oppofrande spelestil blei han ei sann plage for spissen til motstandarane, seier Nielsen.

Endå lengre bak var A-lagskeeper Halvard Enes god å ha, for han fekk litt å strekka seg etter. Men den som får mest merksend etter kampen Midtsiden.no dessverre ikkje fekk med seg, er Vegard Leikvoll Moberg.

- Først dribla han seg frå eigen banehalvdel fram forbi keeper og skåra (39), så sette han straffen (65) etter ein situasjon der Christer blei felt og gjestane fekk keeperen utvist. "Leik" var outstanding i dag, skryt Nielsen.

Medan Moberg skåra mål nummer 1 og 3, lurte Ramo offsidefella til Loddefjord då han sette inn 2-2 (60), og Frode Buvik heada inn 4-2 og kampens siste mål i 73. minutt.

Desse spelte frå start for Os 2 i dag: Halvard Enes, Baste Jonassen, Dani A. Bergstø, Vegard Borgen, Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Preben Borgen, Ramo Racic, Christer Olsen og Andreas Bjørnen.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.