Sport | 24. jan. 2021

2. plass i lagtempo - 9. plass på 1500 meter

– Teknikken sit ikkje i svingane, forklarer Sverre.

2. plass i lagtempo - 9. plass på 1500 meter
Pedersen, Johansson og Engebråten lykkast med ny taktikk i lagtempo. (Foto: Douwe Bijlsma)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. jan. 2021 08:54

Etter EM-bronse førre helg går første runde i verdscupen av stabelen denne helga.

Sverre Lunde Pedersen gjekk lagtempo saman med Johansson og Engebråten fredag. Laurdag var det 1500 meter, søndag står 5000 meter på plakaten.

Pedersen, Johansson og Engebråten gjekk inn til 2. plass i lagtempo, der dei har øvd inn ein ny taktikk som inkluderer å ikkje veksla på kven som går framme.

– Vi fekk testa 1,5 løp i Stavanger under trening. Det første gjekk bra, det andre inkluderte fall. Vi tapte litt i starten og litt i slutten, men taktikken ser ut til å fungera, sa Sverre til Viaplay etter 1500-meteren laurdag.

Nederland (Kramer, Huizinga, Snellink) vann, Canada (Bloemen, Belchos, Howe) tok 3. plass. 8 nasjonar deltok.

Dei norske damene (Njåtun, Bøhm, Wiklund) tok 2. plass og sette ny norsk rekord (2:59.247) i lagtempo.

Sleit på 1500 meter

Kommentatorane var ivrige etter å høyra frå Sverre etter 1500-meteren, der han opna greit, men ikkje fekk den farten dei norske supporterane hadde håpa på, og heller ikkje fekk den sterke avsluttinga han ofte har på 1500 meter.

– Eg taper tempo i svingane, og det handlar om teknikk. Den sit ikkje heilt, og må terpast på framover.

VM andre helga i februar er neste hovudmål, sjølv om det òg er verdcup neste helg.

Unggutane Hallgeir Engebråten og Peder Kongshaug, som Sverre har i opplæring, sette nye personlege bestenoteringer og kom begge over Sverre på resultatlista.

Nederland sine fem deltakarar tok dei fem øvste plassane, Noreg tok tre av dei fire neste.

Kjeld Nuis, som har verdsrekord på distansen med 1:40.17, har òg banerekord i Thialf med 1:43.00. Han landa på 3. plass.

Resultat, 1500 meter

1. Thomas Krol 1:43.243
2. Patrick Roest 1:44.457
3. Kjeld Nuis 1:44.662

6. Hallgeir Engebråten 1:45.373
8. Peder Kongshaug 1:45.876
9. Sverre Lunde Pedersen 1:45.912

Det var 20 deltakarar. Alan Johansson blei diskvalifisert grunna tjuvstart.

Sverre er sett opp i divisjon B på dagens 5000 meter. Den startar klokka 11.26. Divisjon A går frå klokka 15.39.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.