Skøyter | 18. jan. 2009

2. plass i verdscup

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. jan. 2009 10:15

Laurdag gjekk Sverre Lunde Pedersen 500 og 1500 meter, sundag 1000 og 3000 meter i verdscup for juniorar i italienske Collalbo. På 500-meteren klarte han igjen å gå under 38, og finaletida 37,78 var godt nok til 18. plass. Fredrik van der Horst var einaste norske som var betre enn Sverre. Han hamna på 13. plass med tida 37,59. I finalen i 1500 meter gjekk Sverre inn på 1:52,85, mot 1.50,87 i noregscup førre helg. Likevel var tida beste norske, og god nok til 6. plass. Også på 1000-meteren blei det bra plassering, 7. plass og beste norske med tida 1:14,09. Seinar i dag gjekk Sverre 3000 meter, og det var her han fekk den beste plasseringen i sesongens tredje verdscup; 2. plass med tida 3:56,66.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.