2 x 2 gull i Powerarm
Ronny Bruarøy Risøen og Asle W. Kvamsdal gjorde reint bord i Skien laurdag.
Tre utøvarar frå Os Håndbakklubb deltok i helga i den opne internasjonale konkurransen Powerarm i Skien.
To av dei tok til saman seks medaljar.
– Daniel Borge vann første kamp, men rauk ut i den andre. Eg og Asle Kvamsdal tok gull med både høgre og venstre arm, seier Ronny Bruarøy Risøen til Midtsiden.
Ronny, som hadde gått ned ni kilo på to veker i forkant av konkurransen, deltok i -85 kilo. Asle i -105 kilo.
Sølv og bronse i open klasse
Det var berre tre vektklassar i konkurransen, -85, -105 og -105 kilo, men det blei i tillegg ein open klasse, overall.
Der fekk Ronny og Asle 3. og 2. plass.
– 205 høge og 112 kilo tunge Trond Bjørnevåg blei for sterk for meg. Også Asle måtte gje tapt for kjempen frå Fredrikstad, seier Ronny, som ser fram til å feira fire gull til Os utover laurdagskvelden.