Sport | 29. mai 2013

2 x gull i Gøteborg

To gull og ein sølv til Os karateklubb i Swedish International Karate Open. No ventar Wado-VM i England i september.

2 x gull i Gøteborg
Henrik Reed Larsen tok gull i Swedish International Karate Open (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 29. mai 2013 07:37

Fem utøvarar frå Os Karateklubb var i helga på det internasjonale stemnet "Swedish International Karate Open".

– Det er eit vel kjend stemne i karate-verda, med deltaking frå mellomanna Sverige, Danmark, England og til og med India.

– Med andre ord var det mange gode utøvarar samla på ein plass, fortel Dan Sander Soltwedel i karateklubben.

Siger på under minuttet

Henrik Reed Larsen (senior -84 kg) fekk walk-over i første kampen.

– I den andre kampen gjorde Henrik kort prosess. På under eitt minutt leia han med meir enn 8 poeng og kampen blei avblåst med siger til Henrik.

– Også i finalen gjorde han sine saker godt. Motstandaren fekk eit kutt som gjorde at han ikkje kunne fortsette og Henrik blei tilkjend sigeren.

– Det var ein fornøyelse å sjå Henrik i aksjon, han var god, slår Soltweldel fast.

Gull til Armin

Armin Palislamovic (13-årsklassa) gjorde som klubb-kameraten og avgjorde første kampen lynraskt.

– Første kampen gjekk lynraskt. Om han var raskare enn Henrik veit eg ikkje, men på under eitt minutt var kampen over.

I semifinalen var ungguten like suveren og vann før full tid.

– Finalen blei jamnare og måtte avgjerast på poeng over full tid.

– Armin hadde fått inn flest poeng og gjekk sigrande ut av den, oppsummerar Soltweldel.

– Eg er mektig imponert over ungguten. Sidan han går i årsklasse og ikkje i vektklasse, så møtte han mange gutar som var både 15 og 20 cm høgre enn seg, men han lot seg ikkje affisera og satte inn det eine sparket mot hovudet etter det andre.

Sølv til Aner

Bror Aner Palislamovic (junior -69 kg) fekk walk-over og gjekk rett til finalen.

– Den blei veldig jamn.

– Aner hadde mange gode slag mot hovudet på motstandaren, som samstundes angrep kroppen til Aner.

– I følgje dommarane var det motstandarane som fekk inn flest poeng-gjevande slag og det blei tilslutt sølv.

Tap i bronsefinalane

Amanda Njøten (-54 kg) og Vegard Gjøsund (jr +76 kg) kom seg båe til bronsefinalane i sine klassar, men måtte sjå seg slått.

– Amanda går ein jamn første kamp, men tapar diverre. Motstandaren gjekk til finalen, så då fekk Amanda sjansen i bronsefinalen.

– Der blei det òg eit knepent tap. Det var dagen då det blei litt stang ut for henne, fortel Soltwelden.

Ho deltok òg i Kata (mønster), gjorde ein god figur, men tapte på flagginga frå dommarane.

– Vegard vann første kampen, tapte andre kampen med eitt poeng og fekk ein jamn bronsefinale, men nådde diverre ikkje heilt opp.

– Alt i alt er eg særs nøgd med det utøvarane leverte.

– No stiller vi godt forberedt til Wado-VM i England i september. Vi må berre bruke sommaren til finpussing og ta med oss erfaringane frå Gøteborg, avsluttar Dan Sander Soltwelden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.