20-åring fekk prikk nr 10
Han skulle berre fått eit forenkla førelegg, men måtte levera inn det knapt to år gamle førarkortet sitt.
I 15.30-tida i går stoppa UP ein fartssyndar på Halhjemsvegen.
Bilføraren, ein mann som fyller 20 år i år, blei målt i 63 km/t i 50-sona frå rundkjøringa på Halhjem og opp mot 70-sona på Halhjemsvegen.
– Han skulle berre fått forenkla førelegg og to prikkar, men sidan han er i prøvetida blei det fire prikkar, fortel politibetjent Trude Lande frå UP.
To prikkar ville uansett vore nok til å ta førarkortet frå mannen, som i 2013 fekk seks prikkar på førarkortet.
Med fire nye passerte han 8 prikkar, som kvalifiserer til førarkortbeslag.
Dette fører til beslag i minst 6 månadar og uansett, ved beslag i prøvetid-perioden, blir det krav om avlegging av full ny førarprøve.