20 mill. til ny veg
Fylkesvegen Grindavoll-Lepsøy er prioritert i fylkesbudsjettet 2009-2013.


Os kommune har fått gjennomslag for si prioritering av fylkesvegen Grindavoll-Lepsøy. I fylkesrådmannen sitt framlegg til økonomiplan for 2009 til 2013 ligg strekninga inne med 20 millionar kroner i 2013.
Prioriteringa er ein del av den nye fylkesvegplanen for Hordaland.
- Dette er ein stor siger for Os kommune, og utbygginga vil bety mykje for vidare utvikling av krinsen Søre Øyane, seier Terje Søviknes (Frp).
- I tillegg er dette eit viktig trafikksikringsprosjekt, ikkje minst i høve skulevegen i krinsen.
Os kommune vil no gå i dialog med Hordaland fylkeskommune og Statens Vegvesen om den vidare planlegginga av utbygginga.
Budsjett og økonomiplan for Hordaland fylkeskommune blir endeleg vedtatt av Hordaland fylkesting i 8. til 9. desember.