Lokal | 15. juni 2017

240 namneforslag har kome inn

Lanserte felles nettside og orienterte om forslag på namn. 240 forslag har så langt kome inn til nytt namn på kommunane Os og Fusa.

240 namneforslag har kome inn
Ordførarane Atle Kvåle (Ap) og Marie Bruarøy (H) lanserte ny felles nettside torsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 15. juni 2017 12:42

I det felles kommunestyret i Oseana torsdag lanserte ordførar Marie Bruarøy (H) den nye nettsida, bjornefjordenkommune.no, kor all informasjon om samanslåinga av Os og Fusa skal bli presentert.

– Namnet er det som er arbeidsnamnet inntil vidare. Alle dokument som omhandlar kommunereformen, innkalling etc blir lagt ut på denne. Her kan innbyggjarane følgje med og lese seg opp på kva som skjer og kva som skal skje framover, forklarte Bruarøy.

Frist til søndag

Bruarøy fortalde òg at det så langt har kome 240 innspel til nytt namn på den nye kommunen.

– Vi har ikkje laga ei skjematisk oppstilling enno, fristen går først ut på søndag, men eg kan røpe at fleire av namna er relevante.

Bjørnefjorden, Bjørnafjorden, Os og Fusa, Midthordland er blant forslaga som har kome.

– På eit møte eg var på tidlegare var det ein reiselivsmann frå Fjell som spurte om vi visst at vi hadde merkevaren Solstrand i kommunen. Han meinte vi burde kalle den nye kommunen for Solstrand. Eg har leika litt og tenkt på at vi også tek Strandvik, så kan jo eit forslag vera Solstrandvik kommune, smilte Bruarøy for å understreka at det er lov å vera kreativ.

– Om det er folk som meiner at den skal heite Bjørnefjorden eller Bjørnafjorden kommune, så må også dei spele det inn, slik at vi får eit blikk på kva folk meiner.

Endeleg avgjerd på nytt kommunenamn vil bli tatt i eit felles kommunestyremøte 24. august etter innstilling frå styringsgruppa for kommunereforma.

Her kan du koma med ditt innspel

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.