Rundt 240 åttandeklassingar frå alle dei tre ungdomsskulane i Os gjekk klokka 9 i dag mot Tøsdal og vidare til toppen av Borgafjellet (353 moh).
Løypa går via hesteløypa mellom Sveo og Tøsdal, opp over toppen, ned på Lundetræ og langs austsida av Oselvo ned igjen til Kyrkjeflaten.
Arrangementet er i regi av Den Norske Turistforening og deira medlemsorganisasjonar.
Over 31.000 åttandeklassingar fordelt på 77 arrangement deltar i desse dagar på Opptur, som i år blir arrangert for niande gong.
Les meir om Opptur på turistforeningen.no.
Os Turlag stiller sterkt
Os Turlag stiller i dag med 19 medlemmar for å avvikla arrangementet.
– Vi tar oss av start, målgang og premieutdeling, og har folk ute på ulike postar i løypa og på toppen.
– Men det er lærarane som har ansvaret for elevane, seier John Lunde, på post ved start og mål på Kyrkjeflaten.
Han ventar at dei fleste er tilbake på Kyrkjeflaten klokka 13.00. Alle får kvar si t-skjorte, i tillegg er det trekning av ein del premiar utanom.