25 år med trygg fluktveg
Bjørn Hagen har prøvd å pensjonera seg, men får framleis førespurnader om brannstigar, 25 år etter oppstart.
Etter 25 år på Hydravinsj starta Bjørn Hagen i 1987 å selja brannstigar.
– På den tida var det ein del skriveriar om omstreifande seljarar, varer som ikkje heldt mål og firma som ikkje leverte som avtalt.
- Det var ei litt tøff tid, men god støtte frå Os brannvesen var til hjelp for oss som dreiv seriøst, seier Bjørn Hagen.
Hagen fekk eit møte med Klaus Helland, som då var brannsjef i Os, og han fekk bli kjent med Modum brannstige, som Bjørn selte. I tilfelle nokon ville sjekka med brannvesenet om varene og montøren var til å stola på.
– Det enda med at brannvesenet kjøpte ein stige sjølv, og den heng på brannstasjonen enno, framleis like god.
Må ha - bør ha?
Har du rømningsveg i huset som ligg meir enn 5 meter over bakken er det krav om fastmontert stige.
– Ved bygging av høge hus fører vi tilsyn. Men 5 meter er høgt, eg forstår godt dei som har soverom 3-4 meter over bakken også er interessert i å trygga denne med sige, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Hagen pensjonerte seg i 2010, men får framleis telefonar om dei kjente stigane.
– Eg må visst drøya det litt med det å vera pensjonist, for det er bra med byggeaktivitet og framleis stor interesse for desse stigane, seier Bjørn Hagen.