Lysekloster spelte 1-2 mot Haugesund i årets NM. (Foto: Andris Hamre)

26 lag frå Hordaland deltar i NM 2019

6 av 26 herrelag er direkte kvalifisert til cupen neste år.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lista over lag som deltar i fotball-NM i 2019 er publisert på fotball.no.

Av 260 lag i Noreg er 84 direkte kvalifiserte.

176 lag speler i 1. kvalifiseringrunde, mens 88 lag speler 2. kvalifiseringsrunde. Av desse står 44 igjen til første runde saman med dei 84 direktekvalifiserte.

I Hordaland deltar 26 lag i NM.

Dei 6 beste er allereie kvalifiserte:
Brann
Nest-Sotra
Åsane
Sotra
Fyllingsdalen
Lysekloster

Lysekloster rauk ut av NM etter meisterleg spel mot Haugesund. Lysekloster tapte 1-2 heime for ein motstander som tok seg til kvartfinale, der dei tapte 0-1 for NM-finalist Strømsgodset.

Os og Ørjan Håland sitt Fana må gjennom kvalifisering. Os tapte 1-6 for Åsane i årets NM, Fana tapte 0-1 for Nest-Sotra.

Laga frå Hordaland som speler kvalifisering:
Fana
Stord
Tertnes
Øystese
Varegg
Os
Lyngbø
Sandviken
Frøya
Loddefjord
Sund
Bergen Nord
Arna-Bjørnar
Gneist
Trio
Trott
Bjarg
Solid
Odda
Vestsiden-Askøy

Fleire saker