27 tonn står bom fast
Hamna i grøfta på veg til pipebrann - har no rekvirert tungbilbergar.
Bildeserie:
Litt før klokka 14 kom det melding om brann i ein skorstein på Heien ved Lyssand.
På veg til brannen køyrde den eine bilen utfor og blei ståande fast.
– Den står godt, for å seia det mildt, men brannvesenet hentar no ein tankbil for å slepa den laus, fortel Midtsiden sin mann på staden, Kjetil Osablod Grønvigh.
Brannvesenet har heldigvis ein bil på innsida av havaristen.
– Det var ein liten brann inne i skorsteinen, og denne er sløkt, seier innsatsleiar.
OPPDATERT: Brannvesenet sin tankbil, som har vinsj, kunne ikkje hjelpa. Tungbilbergar er rekvirert.
Heller ikkje bergingsaksjonen gjekk smertefritt, bilen var på vegen først klokka 18.30.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.