285 blei fødd i 2017
Stabil folkeauke dei siste sju åra. No er vi 20573 osingar.
I dag presenterte SSB statistikken for folketalet ved nyttår. Vi nærmar oss no 5,3 millionar nordmenn.
Folketalet voks med 37 300 i 2017 og vi er no 5 295 600 personar i Noreg. Denne veksten er den svakaste sidan 2005, men på Os teiknar bilete seg litt annerleis.
Her held vi fram å vakse jamnt og trutt. Kvart år sidan 2010 har vi vekse med meir enn 400 nye osingar. Det gjer vi i år også.
421 var befolkningsauka i 2017, slik at vi no er 20 573 osingar.
285 av desse kom til verda i løpet av året, 1149 flytta til bygda, medan 911 flytta frå bygda noko som gir ei netto innflytting på 238 personar.
104 personar døydde i løpet av 2017.
I statistikken frå SSB kjem det fram at det er 1764 osingar som er mellom 0 og 5 år, 2954 av oss er mellom 6 og 15 år. 13208 er mellom 16 og 66 år og 2647 er 67 år eller eldre.
Slik var folketala i Hordaland per 1. januar 2018:
- Bergen 279 792
- Etne 4083
- Sveio 5721
- Bømlo 11902
- Stord 18780
- Fitjar 3194
- Tysnes 2857
- Kvinnherad 13180
- Jondal 1096
- Odda 6835
- Ullensvang 3363
- Eidfjord 931
- Ulvik 1117
- Granvin 931
- Voss 14577
- Kvam 8455
- Fusa 3920
- Samnanger 2463
- Os 20573
- Austevoll 5189
- Sund 7085
- Fjell 25725
- Askøy 29071
- Vaksdal 4127
- Modalen 380
- Osterøy 8125
- Meland 8079
- Øygarden 4877
- Radøy 5129
- Lindås 15789
- Austrheim 2902
- Fedje 561
- Masfjorden 1730