3 av 4 til A-sluttspel
Juniorlaget til Lysekloster og tre gute- og smågutelag frå Nore Neset speler i dag sluttspel i Dana Cup.
Lysekloster og Nore Neset er representert under årets Dana Cup.
Les òg: Sølv og sosial suksess (frå Dana Cup 2011)
3 av dei til saman 4 laga har tatt seg til A-sluttspelet.
Møter brasiliansk motstand
Lysekloster stiller med juniorlag (G19) i Dana Cup og har gjort reint bord til no.
Dei innleiande rundane enda med 4-1 over Aabyen, 2-1 over Skedsmo og 2-1 over Bagterp.
Lysekloster speler 1/16-finale mot brasilianske Corsa FC klokka 13.20 i dag.
Gutelaget vann pulja
Dei sterke Nore Neset-gutane starta med 1-1 mot Donn, men slo Bjergby 3-0 i neste runde.
I går kveld spelte dei om sigeren i gruppa og der blei det 2-1 over Bjärreds.
Nore Neset G16 speler 1/16-finale klokka 15.40 i dag, Motstandar er førebels ikkje bestemt.
Til A-sluttspel i år
Nore Neset gutar 14, som fekk sølv i B-sluttspelet i fjor, har med 4-0, 0-0 og 0-1 tatt seg vidare til A-sluttspel i år.
Dei speler i skrivande stund 1/32-finale mot Løvenstad og leier 1-0. Oppdatert: Nore Neset vann 2-1!
Gutar 13 frå Nore Neset fekk tøff motstand og hadde uavgjort som beste resultat i innleiande rundar.
Dei hamna i B-slutspelet og møtte eit lag frå Løvenstad klokka 7.30 i dag tidleg. Nore Neset tapte 0-4.