Sport | 24. juli 2009

3 nye i A-stallen

A-lagstrenar Frank Hellevik tar opp tre 17-åringar i A-stallen. Samstundes er det nokre som forsvinn.

3 nye i A-stallen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. juli 2009 12:07

91-modell Vegard Leikvoll Moberg har til no vore yngste spelar på A-laget. "Leik" debuterte med å skåra på straffe i sesongens første kamp, borte mot Norheimsund, og har vore ein viktig spelar på A-laget også etter dette.

No blir han heller ikkje yngstemann lenger.

- I går bestemte vi oss for å ta 92-modellane Erik Kanestrøm, Baste Jonassen og Mats Lepsøe opp i A-stallen, seier Frank Hellevik.

- Dei tre har alle gjort svært god figur på Os 2, og dei har også gjort det bra då dei har fått speletid på A-laget, noko også alle tre har gjort.

Fire forsvinn
Nokre av spelarane frå A-stallen blir ikkje aktuell utover hausten. Aleksander Lindkvist gav seg i sommar, Tony Skarvatun skal til USA på skule og Andreas Bjørnen flyttar til Kristiansand.

- Vi har Bjørnen med oss i dei første kampane i haust, og kan henta han heim om vi treng han. I tillegg til desse tre har dessverre Vegard Engelsen Moberg hatt mykje skadeproblem, og kan ikkje reknast som del av stallen ut sesongen, seier Hellevik.

Gode erstattarar
Trass i tap av etablerte spelarar er Hellevik slett ikkje uroa for hausten.

- Desse tre nye som vi har tatt opp kjem til å gå rett inn og konkurrera med dei andre i A-stallen om plassane, seier han, og ramsar opp;

- Kanestrøm har utruleg gode basisferdigheiter og enorm løpsstyrke - og løpsvilje. I tillegg er han ein svært intelligent spelar. Erik blir helst brukt på midtbane og kant.

- Jonassen har også gode basisferdigheiter, han er fysisk veldig sterk for alderen og så har han ein god pasningsfot. Baste blir stort sett brukt som forsvarsspelar, men kan også brukast på midtbanen.

- Lepsøe kan brukast kvar som helst på banen. Han er ein veldig uortodoks spelar, ein som gjer det veldig vanskeleg for motstandarane. Mats er fysisk sterk og vanskeleg å lesa, ein som stort sett alltid kjem ut av duellar med ballen mellom beina, seier trenaren om sine tre nye faste medlemmar i A-stallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.