Sport | 25. aug. 2009

3 x sølv

Os har gjort det bra i opningscupen i Haukelandshallen, men ingen av dei tre laga som kom til finalen klarte å ro gullet i hamn.

3 x sølv
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. aug. 2009 20:41

Opningscupen i Haukelandshallen er starten på sesongen for handballungdom i bergensområdet, og tre av dei seks laga frå Os som gjekk til sluttspel kom seg heilt til finalen.

Alle dei tre finalane blei spelt tysdag kveld, men ingen av dei gjekk Os sin veg.

Jenter 13, som blant anna vann Vårspretten i mai, møtte Bjørnar i finalen. Osingane var ikkje på sitt beste i kampen som enda 5-10.

Gutar 13 kjem også ofte langt i cupar, men slit også vanlegvis når dei møter dei storvokste spelarane på Fyllingen. Finalen i kveld enda 5-17.

Gutar 14 spelte ein jamnare finale. På 5-5 skåra Tertnes nokre mål. Os reduserte, men byrja å merka fotballkampen dei hadde spelt tidlegare i kampen og klarte ikkje å henta seg inn igjen. Tertnes vann til slutt 10-6.

- Denne cupen er som ei god treningsøkt etter ferien. Sjølv om det ikkje blei gull på tre forsøk er eg på klubben sine vegne nøgd med å ha tatt tre sølv, seier leiar i Os Turn Handball, Andris Hamre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.