3 x vestlandsmeistrar
Os karateklubb med god oppkøyring til NM. Tre gull og fire sølv i vestlandsmeisterskapet.
Laurdag var Os karateklubb arrangørar av vestlandsmeisterskapet i karate i Laksevåghallen. I tillegg til å sørgje for eit vellukka arrangement forskynte dei seg godt av premiebordet.
– Vi stilte 5 utøvarar pluss to i barneklassa.
– Det var første gong på mange år det var deltakarar i alle klassene, fortel Vidar Mjånes.
Gull til Amanda, Aner og Armin
Ungdommane var utan tvil dei som gjorde det skarpast i ei tøff konkurranse.
– Amanda Njøten blei vestlandsmeister i kumite for jenter 16-17 år. I tillegg tok ho sølv i kata.
– Aner Palislamovic blei vestlandsmeister i kumite for gutar 16-17 år. Han deltok ikkje i kata denne gong.
– I tillegg blei lillebror, Armin Palislamovic, også vestlandsmeister i kumite for 14-15 åringane. I kata fekk han 4. plass, fortel Mjånes.
Harde, jamne kampar
Elena Andres tok sølv i både kumite og kata for kvinner senior, Vegard Gjøsund tok sølv i kumite herrer senior.
– I tillegg blei Martin Sæterhaug fra Rana karate klubb som studerar i Bergen, og som regelmessig trenar med oss i Os karateklubb, vestlandsmester i kumite herrer senior.
– I barneklassa deltok Ida Bakke og Lars Eirik Vevatne.
– Der er det ikkje rangering, men dei fekk god erfaring på stemnet.
Mjånes fortel at alle har heva seg betrakteleg frå forrige stemne.
– Dei leverte alle gode kampar.
– Imponerande er det at dei klarar å vinne jamne harde kampar, noko som det var mange av på laurdag.
– Det lovar godt med tanke på oppkøyringa til NM i Haukelandshallen om to veker, avsluttar Mjånes.