Lokal | 11. nov. 2020

30 elevar i karantene ved Os vgs

Elev har fått påvist covid-19.

30 elevar i karantene ved Os vgs
Os vgs har to klassar på VG1 ute i karantene. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. nov. 2020 14:27

Os vidaregåande skule har i dag informert elevar og foreldre om eit smittetilfelle ved skulen.

– To lærarar og 30 elevar er i karantene, seier rektor Johan Henrik Lassen til Midtsiden.

Dei to klassane er i VG1. Alle andre elevar skal møta på skulen i dagane som kjem.

Karantena gjeld til 14. november. Dei som er sett i karantene blir oppfordra å testa seg.

Skulen har hatt planleggingsdag og seinare raudt smittevern-nivå, så eleven har ikkje så mange nærkontaktar.

– Vi har fått hjelp av Bjørnafjorden kommune til smittesporing og oppfølging, seier Lassen.

Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale fortel at eleven bur i ein annan kommune og har testa seg der.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.