Næringsliv | 29. juli 2011

+ 30 gjev godt besøk

Travelt i Osbadet. Med ein heller kald Bjørnefjorden har mange vald å legge badinga innandørs i sommar.

+ 30 gjev godt besøk
Andris Hamrefredag 29. juli 2011 08:30

Bjørnefjorden har i sommar holdt omlag 17 gradar på det meste. Dette har nok gjort sitt til at Osbadet har opplevd travle dager i sommarferien.

- Juli i år og i fjor er eigentleg ganske like. Eg har notert med 3 dager med sol frå skyfri himmel båe åra, fotel dagleg leiar Leif Gunnar Borgen.

Passerte fjoråret i går

Besøkstala er hyggeleg lesing for den daglege leiaren.

- Så langt i juli har 6528 besøkt oss. I fjor var talet 6200.

- Omsetningsmessig passerte vi tala frå i juli i fjor i går ettermiddag, og framleis har vi tre besøksdagar att før vi skriv august.

- I tillegg var siste del av juni i år prega av realtivt dårlegare vêr enn i fjor slik at også juni blei betre i år enn i fjor, fortel Borgen.

Mange av dei besøkande kjem truleg frå dei omkringliggande kommunane.

- Vi har ikkje konkrete tal på kor gjestane kjem frå, men vi gjera ei undersøking til hausten for å sjå nærare på dette.

Oversikt gjev tryggleik

Barnefamiliar med born frå 10-12 årsalderen og nedover er den store besøksgruppa som vel Osbadet.

Ein av grunnane til at mange barnefamiliar vel å leggje turen i Osbadet er opplevinga av at badeanlegget er passe stort.

- Det er mange som kommenterar at dei kjem hit fordi det er oversiktleg og godt og varmt både i lufta og i bassenga.

Varmt i lufta

Borgen forklarar at det vanlege er at lufta i ei badeanlegg held ein grad høgare temperatur enn vatnet i bassenget.

- Sidan vi har eitt stort rom med alle bassenga har vi valgt å halde lufttemperaturen på 30 grader. Dette får vi mange tilbakemeldingar på at barnefamiliane sett pris på.

- I tillegg trur eg vi har truffe med kva aktivitetar vi kan tilby.

- Både skliene og dei to vamebassenga (terapibassenget og plaskebassenget, journ.anm) er populære hos gjestane, seier Borgen.

I tillegg går tilbakemeldingane på at gjestane trivest fordi det er reint og fint både inne og ute rundt badet.

- Vi har brukt eindel kronar i sommar på å gjera det finare ute, mellom anna med å plante opp att i alle beda, forklarar den daglege leiaren.

2011 har tatt av

Det er ikkje berre juni og juli som har vore gode månader for Osbadet. Heile 2011 har vore eit godt år.

- Vi har satt nye rekordar kvar einaste månad sammenligna med tidlegare år.

Borgen fortel at dei opplevde vekst i 2006 før det flata ut dei påfølgande åra, men i 2011 har talla igjen stege.

- 2011 har tatt av, kvifor veit vi eigentleg ikkje heilt, men det må jo bety at både vi som jobbar her og dei som planla badet har gjort mykje riktig, avsluttar Borgen med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.